MÅL: Nicolaj Laberg satte inn det andre målet for Årdal FK og ga dei eit godt utgangspunkt for andre omgangen.
MÅL: Nicolaj Laberg satte inn det andre målet for Årdal FK og ga dei eit godt utgangspunkt for andre omgangen. (Foto: Youri van der Werve)

Årdal FK imponerte både på bana og i kiosken

Årets første heimekamp for Årdal FK blei særs positiv med 3 poeng til laget og heimelaga cupcakes til publikumet.

Øvre Årdal: Det var Stryn som tok leiinga etter 26 minutt ved ein skåring av Håvard Kroken. Etter dette målet våkna Årdal FK til.

– Me kjem oss godt inni kampen etterkvart uti første omgangen. Så produsera me ein heil del sjansar, men kjem litt uheldig under. Eg er fornøgd med at me greier å få inn to kjappe, seier trenar Ivan Øy til Porten.no etter kampen.

Årdal skapa meir og blei utover kampen det leiiande laget. Likt på måltavla blei det allereie etter 2 minutt. Då Anders Lereng satte inn det første målet for dagen.

Heimelaga cupcakes

Nicolai Laberg ga Årdal leiinga før pause og laget kunne gå til pause med ein god følelse. For Publikum stod der noko spennande og venta i kiosken. Hanne Stedje hadde laga heimelaga cupcakes som blei godt mottatt. Spesielt ungane elska fargane og fotballen på toppen.

Med cupcakes i magen for publikum og eit Årdal lag på jakt etter tre nye poeng starta andre omgang i eit forrykande tempo.

– Me blei einige i pausen å køyre på igjen. Eg tykkjer me greier det. På slutten slappar me av og får då eit mål i mot. I det heile og det store ei grei gjennomføring.

Det var Anders Lereng som satte inn si andre for dagen og Terje Kvam Øvstetun som stod for dei to siste måla.

Sesongen er no verkeleg i gang. Årdal har vunnet to og tapt ein og trenar Ivan Øy er fornøgd med kampane som har vore.

– Me hadde ein nedtur første kampen, etter dette det har vi hatt ein kjempe innsats mot Tornado Måløy og no mot Stryn. Det er eit veldig bra kollektiv innsats på gjengen. Me ser kva so mer våres kvalitetat og tør å trø til.

Til toppen