EKSPERTDOM: Lokalfotballkjennar Espen Bråthen trur Årdal FK kan kjempa om den viktige 5.plassen i 3.divisjon avdeling 3. Foto: Ole Ramshus Sælthun
EKSPERTDOM: Lokalfotballkjennar Espen Bråthen trur Årdal FK kan kjempa om den viktige 5.plassen i 3.divisjon avdeling 3. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Årdal FK kjem til å kjempa om 5. plassen

Lokalfotballkjennar trur ikkje Årdal FK er sterke nok til topp 4, men at dei kan kjempa om den svært viktige 5.plassen

Årdal: – Tabellen ser ut som venta. Eg og dei fleste andre hadde tippa at topp fire ville bli dei fire som ligg der. Overraskinga er at Lillestrøm 2 har skuffa veldig. Eg trur det blir ein kamp mellom dei, Årdal, Gran, Hauerseter og Aurskog-Høland om femteplassen, seier Espen Bråthen.

Imponert av Hovland og Fellows

Han følgjer 3.divisjon avdeling 3 tett. Bråthen driv den populære bloggen "Lokalfotballen", som eigentleg fokuserer på lag frå Romerike. Og fordi Årdal FK er i ei avdeling med mange lag frå Romerike, har Bråthen fått god kjennskap til dei raudkledde.

– Dei er ikkje på nivå med dei fire i toppen utifrå det eg har sett. Desse fire har midlar og brukar pengar på å forsterka troppane inn mot haustsesongen. Så eg trur dei vil halda seg der.

Desse fire laga er Flisa, Skedsmo, Valdres og Funnefoss/Vormsund. Men så vil altså fem lag kjempa om den særdeles viktige 5.plassen - deriblant Årdal, om Bråthen får rett.

– Dei har nokre veldig gode spelarar. Eg la kjapt merke til Truls Hovland. I kampen mellom Aurskog-Høland og Årdal tok vår (Aurskog-Høland sin, red. anm.) svært gode høgreback Hovland ut av kampen rimeleg kjapt. Men han sa også Hovland var beste spelaren han hadde møtt. I tillegg likte eg Brett Fellows på midten. Så forstår eg Årdal har skadar på nokre nøkkelspelarar. Med desse på bana trur eg dei kjem til å plukka mange poeng utover hausten.

IMPONERT: Espen Bråthen let seg imponera av Truls Hovland, som her klappar Preben Strypet på hovudet etter at sistnemnde skaffa straffespark mot Aurskog-Høland.
IMPONERT: Espen Bråthen let seg imponera av Truls Hovland, som her klappar Preben Strypet på hovudet etter at sistnemnde skaffa straffespark mot Aurskog-Høland.

Den viktige og kompliserte 5.plassen

Sesongen er to kampar unna halvspelt og ferie. Årdal ligg på 9.plass, seks poeng bak den mykje omtala 5.plassen. Den er så viktig fordi det er siste sjanse til å sikra 3.divisjonsspel neste sesong. Seriesystemet skal leggjast om slik at alle lag vidare nedover på tabellen rykkjer ned til 4.divisjon. Dei fire øvste laga held seg garantert oppe. Laget som hamnar på 5.plass held seg i 3.divisjon dersom det har fleire poeng enn 5.plassane i to av ti avdelingar i divisjonen.

Her gjeld det å halda tunga beint i munnen: Dei åtte laga med flest poeng som hamnar på 5.plass i avdeling 1-10 i 3.divisjon held seg i divisjonen. Dei to med færrast poeng rykkjer ned til 4.divisjon. Avdeling 11 og 12 er ikkje med i denne "konkurransen" - dette er to avdelingar med lag frå Nord-Noreg, og her er det eitt lag mindre enn i dei øvrige avdelingane. Men så har eit noko spesielt tilfelle komplisert kampen om dei åtte beste 5.plassane ytterlegare:

– Sandefjord 2 møtte ikkje til ein kamp dei skulle spela mot Eiger. Det var til og med ein heimekamp - i det heile ei merkeleg historie. I alle fall er dei diska, og eg reknar difor med at det blir rekna ut gjennomsnitt av poenga til laga på 5.plass i høve kor mange kampar dei har spelt, seier Bråthen.

– Stor gjestfridom

Lokalfotballkjennaren skryt elles av gjestfridommen årdølene viste då han var med Aurskog-Høland på kamp i industribygda.

– Det var ein skikkeleg all right gjeng - me hadde ein veldig hyggeleg tur til Årdal med god mottaking.  Nokre eldre karar fortalde heile historia til Årdal FK, den fann eg svært interessant.

Årdal har no att to kampar før det er ein månads ferie i 3.divisjon. Først møter dei Funnefoss/Vormsund heime 25.juni, altså eitt av laga Bråthen trur kjem til å hamna på topp 4. 2.juli er det bortekamp mot Hallingdal, eitt av laga Bråthen ikkje trur har sjanse til å halda seg oppe.

– Det er vorte ei luke til dei fem nedste, og dei fem trur eg kjem til å bli der nede. No blir desse to siste kampane før ferien viktige for å eventuelt ta med seg ei god kjensle inn mot haustsesongen.

 

 

 

 

Til toppen