Monsterscoring: Didrik Mostue scorar frå 40 meter mot Funnefoss/Vormsund. Video: Steinar Pedersen
Monsterscoring: Didrik Mostue scorar frå 40 meter mot Funnefoss/Vormsund. Video: Steinar Pedersen

Årdal FK møter "Monsterspissen" 

Førre kamp putta han frå 20 meter med hovudet og 40 meter med sleggja. Denne helga kjem Didrik Mostue med resten av Skedsmo til Årdal. 

– Mostue er stor og sterk. Og av ein eller annan merkeleg grunn rask i tillegg. Det gjer han rå framfor mål, du veit aldri kvar du har han. Så, lukke til, seier Espen Bråthen, lokalfotballkjennar på Romerike.

Frå stoppar til spydspiss

Laurdag vitjar romeriksklubben Jotun stadion. Laget ligg på 2.plass i avdelinga, og har ikkje tapt ein bortekamp tidlegare i år. Mykje av grunnen: "monsterspissen" Didrik Mostue.

– Til no har eg ikkje sett nokon klara å ta han ut av ein kamp. Han er vond å møta, seier Bråthen.

På åtte kampar har Mostue skåra 14 av Skedsmo sine 26 mål. Kanskje ikkje så rart; 22-åringen var eit kjempetalent i Lillestrøm i tenåra.

– Så vart han skadd og kom tilbake til Skedsmo. Då spelte han stoppar, men så fekk laget ei spisskrise. Mostue vart flytta opp på topp og bøtta inn mål. Så der har han vore sidan. Ved sidan av Martin Trøen på Eidsvoll Turn vil eg seia han er den beste spissen i tredje divisjon, fortel Bråthen.

I fjor prøvde Mostue seg på 2.divisjonslaget Elverum, men han kom tilbake til Romerike grunna heimlengsel. Med hell.

– Han er ingen tippeligaspiss enno, men eg kan ikkje skjønna anna enn at Lillestrøm snusar på han. Potensialet er i alle fall der.

– Kva skal Årdal gjera for å stoppa denne mannen?

– Eg håpar jo Skedsmo vinn, så veldig mange tips vil eg nok ikkje gje. Men ein må i alle fall vera knallhard med han.

Usikre kort på Årdal FK

Trenar for Årdal FK, Ivan Øy, fortel dei er obs på Mostue, men advarar mot å gje han for mykje fokus.

– Me må prøva etter beste evner å setja han ut på det han er god på. Gå tett på han og ikkje lata han få tid og rom.

– Er det aktuelt å setja eit "frimerkje" på han?

– Tja, frimerkje og frimerkje. Me set ein mann eller to på han, men det er også fort å få for stort fokus på ein person så det opnar seg opp for andre. Me har same inngang til denne kampen som andre.

Elles er det nokre uaktuelle og usikre kort til kampen mot Skedsmo. Marcin Brzykcy og Kjetil Karlsen har trøbla med skade og er neppe klare til laurdag. I tillegg slit Brede Stedje Ylvisåker og Endre Kauppi Strømsheim med sjukdom.

– Eg skal testa spelarane fredag, så får me sjå kven som er klare og ikkje. Men eg håpar i alle fall det ikkje er fleire moglege fråfall, avsluttar Øy.

 

 

Til toppen