SEIER: Då Anders Lereng scora det tredje målet var det klart at ÅFK er vidare i cupen. Foto: Marte Hestetun.
SEIER: Då Anders Lereng scora det tredje målet var det klart at ÅFK er vidare i cupen. Foto: Marte Hestetun.

Årdal FK sigra mot Eid ​

ÅFK møtte Eid i dagens kvalifiseringrunde og tok seg vidare i cupen. 

Årdal FK - Eid: 3-1

Dei første 45 minuttane passerte utan mål frå verken ÅFK eller Eid. 

I 2. omgang heada Kristian Lefdal ballen i mål for Eid og førte dei i leiinga. Like etter utlikna Christian Stedje då ballen passerte keeperen etter eit frispark. 

Straffebom

Få minuttar etter fekk ÅFK straffe og sjansen til å ta leiinga. Johnny Aspeseter bomma på straffen, men Fredrik Sørli kom like etter og sikra at ÅFK låg eit mål foran. 

Etter halvtimen var passert blei Anders Lereng plassert på bana og scorte for Årdal FK. Årdølene er dermed med i andre kvalifiseringsrunde i cupen. 

–Me har fortsatt meir å gå på

Sjefstrenar Ivan Øy seier til Porten.no at han er nøgd med kampen, sjølv om han meiner dei har meir å gi. 

–Spelemessig var det ikkje så bra. Me fekk god hjelp av motstandarane til å score måla våre. ​Men eg er sjølvsagt nøgd med at me får spele ein kamp til i kvaliken. 

 

 

 

Til toppen