TAP: Årdal FK tapte på bortebane mot Arna Bjørnar. – Eg har aldri opplevd ein kamp som vi dominerer så kraftig og så endar det med tap, seier trenar Ivan Øy. Foto: Arkiv.
TAP: Årdal FK tapte på bortebane mot Arna Bjørnar. – Eg har aldri opplevd ein kamp som vi dominerer så kraftig og så endar det med tap, seier trenar Ivan Øy. Foto: Arkiv.

Årdal FK tapte 1-3 mot Arna-Bjørnar

– Det er det mest usportslege eg har vore med på, seier Geir Kjetil Øvstetun, leiar i klubben, om at motstandarlaget nekta å flytta kampen til helg, slik at alle spelarane til Årdal FK kunne ha vore med.

Årdal FK ville eigentleg spele kveldens kamp førre helg, men motstandaren Arna-Bjørnar nekta.

– Det er litt surt. Eg hadde håpa på at me hadde vunne slik at me hadde fått oss eit par kampar før serien starta, seier Øvestetun.

Den fyrste kvalifiseringskampen mellom 3. divisjonslaga Årdal FK og Arna-Bjørnar enda 1-3 til heimelaget. Dermed rauk sjansane til Årdal om å gå vidare til kvalifiseringsrunde nummer to og dei kjem difor ikkje til å spele NM-cupen 2016.

Mangla viktige spelarar

Christian Stedje og Preben Strypet var ikkje med på dagens kamp.

– Begge angriparane har vore viktige støttespelarar på laget. Då vert ein litt hemja når ein ikkje har desse spelarane, seier Øvstetun.

Årdal FK trenar Ivan Øy, meiner på si sida at laget spelte ein bra kamp. Truls Hovland scora det fyrste målet til Årdal FK og sette årdølene i leiinga i fyrste omgang. Deretter utligna Arna Bjørnar til 1-1 på overtid i fyrste omgang.

– Dei fekk inn eit mål på slutten av 2. omgang slik at stillinga vart 2-1. Då gambla me litt og køyrde fram folk. Så fekk dei inn endå eit mål på slutten, så det ville ikkje seg denne gongen, seier Øy.

– Gjekk på ein smell

– Eg syns dei gjorde ein bra kamp. No er det ein gong slik at det er viktig å scora mål for å vinna. Eg har aldri vore med på ein kamp som me har dominert så kraftig, men som me tapa, seier Øy.

Ifølge trenaren, vart det meir stang ut enn inn under onsdagens kamp. Laget produserte utallige angrep, men fekk ikkje sett alle sjansane sine.

– Spelarane gjorde sitt beste. Me hadde frispark i utallige posisjonar framfor mål. Slik blir det av og til. Dette vil me ta med oss og læra av. Om me hadde kome oss vidare hadde det berre vore ein bonus. No er det over. Det var uansett kjekt at me fekk oss ein bergenstur, så vert det spennande å sjå om me rekke Lærdalstunnelen før den stengjer, avsluttar Øy. 

Til toppen