TAP: Årdal FK tapte på bortebane mot Flisa. Foto: Arkiv.
TAP: Årdal FK tapte på bortebane mot Flisa. Foto: Arkiv.

Årdal FK tapte på overtid

På overtid klarte heimelaget Flisa å setja eit mål i nettet til årdølene og stakk dermed av med alle poenga i den andre seriekampen.

Flisa - Årdal FK - 1-0

Årdal: Årdal FK hadde fleire gode sjansar under bortekampen mot Flisa laurdag ettermiddag, men på overtid klarte austlendingane å scora eit mål.

– Det er eit uffateleg surt tap. Eg syns me spelte ein veldig god kamp, seier trenar Ivan Øy.

Les også: Årdal FK - Flisa: - Det blir ein tøff batalje

Kunne avgjort kampen

Trenaren meiner at årdølene hadde nok sjansar til å avgjera kampen til sin eigen fordel.

– Den siste halvdelen av 2. omgang trykte dei på og putta ein del folk opp. Men dei hadde ingen store målsjansar, seier Øy.

Då 90 minutt av kampen var spelt kom det ein duell på midten der ballen gjekk i motstandarens favør og spelaren kom åleina mot årdalskeeperen og sette ballen i mål.

– Eitt poeng hadde vore heilt greitt etter denne kampen. Me spelte ein god kamp mot eit lag som mange har spådd kjem til å vera i toppen av avdelinga. Det var surt. Karane la inn ein fantastisk innsats, så eg syns mest synd i dei, seier Øy.

Omrokkering på laget

Årdal FK fekk denne kampen tilbake målvakta Sivert Larsson, som ifølge trenaren, gjorde ein bra figur.

– Det er godt å ha han tilbake. Eirik Rode var også opp på ein ny plass i midten og greidde seg godt med dei rundt seg. Ørjan Skilbrei var tilbake i midtforsvar og Fredrik Sørli var beck. Det var dei forandringane me hadde, seier Øy.

Truls Hovland var som alltid ein trussel framfor motstandaren sitt mål og Flisa-forsvaret hadde ein heil del jobb med å stoppa han.

– Dei tydde til ein del ulovlege midlar, slik vart det frispark av, seier Øy.

– Skulle sett sjansane

Flisa hadde ingen store sjansar i løpet av kampen utanom målet som kom på overtid.

– Spelarane skulle ha vore litt meir effektive framformål og sett sjansane me hadde. Hadde dei gjort det, ville me fått eit heilt anna kampbilete, seier Øy.

Tilbakemeldingane frå motstandarlaget var at Årdal FK overraska dei positivt.

Les også: Raudt kort: Må stå over tre kampar 

– Me skulle hatt Preben Strypet sine evne i boksen i dag. Samstundes gjorde Terje Øvstetun ein kjempe jobb i 90 minutt. Spelet var på Terje sine premissar og han er ein heilt anna spelar enn Preben, seier Øy. 

Han oppsummerar kampen med at det var ein god kollektiv jobb av alle saman

Til toppen