Geir Kjetil Øvstetun (til høgre) tok under årsmøtet attval som styreleiar i Årdal FK for 14. året på rad. Her er han saman med klubbens nye trenar Morten Brandsdal.
Geir Kjetil Øvstetun (til høgre) tok under årsmøtet attval som styreleiar i Årdal FK for 14. året på rad. Her er han saman med klubbens nye trenar Morten Brandsdal. (Foto: Årdal FK)

Årdal FK utvidar styret etter årsmøtet

Heile tre personar melde seg frivillig til å sitja i styret til Årdal FK. Valkomiteen har ikkje opplevd maken.

Årdal: Under årsmøtet til Årdal FK skulle det veljast inn eit nytt styremedlem - i staden blei det tre. Ifølgje Årdal FK sine heimesider havna valkomiteen i ein noko uvanleg situasjon då heile tre personar tok kontakt og melde seg frivillig til styreverv. Då valde komiteen heller å utvida styret enn å avvisa dei interesserte.

– Det trur eg vel ikkje me har opplevd før, det er i alle fall veldig sjeldan eg har høyrt om noko slikt, både i Årdal FK og i organisasjonslivet elles, seier Bjørn Øvstetun i valkomiteen.

– Sidan det ikkje er noko i vedtektene for klubben som tilseier at det ikkje skal vera mogleg å utvida styret, valde me til slutt å fremja det som eit forslag, seier Øvstetun.

Dermed vart Inge Seglem, Kenth Lægreid og Christian Stedje samrøystes valde inn av årsmøtet. Leiar Geir Kjetil Øvstetun tok attval for 14. året på rad.

– Inge Seglem har årelang erfaring som dommar og leiar i dommarkomiteen i kretsen. Christian Stedje har årelang erfaring som spelar og ynskjer no å bidra vidare i fotballmiljøet, det same gjeld Kenth Lægreid – eg må verkeleg seia at det er fantastisk, seier Geir Kjetil Øvstetun.

Fredrik Jarstadmarken, Kirsti Guldbrandsen og Jan Are Øvstetun tok alle attval i styret. Med det er styret i år samansett av til saman sju personar.

Til toppen