MÅL: Truls Hovland sette reduserte i første omgang med 1-1 målet, rett etter Førde tok leiinga.
MÅL: Truls Hovland sette reduserte i første omgang med 1-1 målet, rett etter Førde tok leiinga. (Foto: Sunniva Knutsen)

Årdal FK vann 3-2 på heimebane mot Førde

Laurdag fekk raudskjortene besøk av Førde på Jotun stadion.

Årdal: Etter berre ti minutt hadde to ballar hamna i nettet. Først ut etter åtte minutt var Førde. 

Knappe to- og eit halvt minutt seinare fekk Truls Hovland ballen over midtbana, dribla to Førde-spelarar og sette ballen i høgre hjørne. 

Årdal sterke i 1. omgang

I første omgang var det høgt trykk. Heimelaget hadde ballen mest, og var frampå. Førde med nokre sjansar, og keeper Knut Strand Løseth hadde nokre imponerande redningar. 

ÅFK verka likevel å ha overtaket, og snappa ballen frå gjestane. Dei hadde flest sjansar på mål, men avslutningane mangla. 

Stilling til pause 1-1.

Målrik 2. omgang

Tidleg i andre omgang tok Førde igjen leiinga, etter mål av Sander Aamelfot i 56.minutt. Bortelaget var meir med i andre omgang.

I 69. minutt kom vertane tilbake, og Joachim Furset sette ballen i høgre hjørne. 

I 80.minutt går Førde-spelar Elias Rognebakke i bakken. Pådrog seg ein alvorleg skade og vart boren av grasmatta på båre. 

Spelarane ristar av seg dramatikken og Årdal kjem hardt tilbake. Johnny Aspeseter Hagen sett ballen i mål etter målgivande frå Ole Gunnar Kjødnes.

Etter 95 spelte minutt stod stillinga 3-2 til heimelaget, og Årdal FK fekk dermed sin andre siger i serien. 

I 4.divisjon laurdag speler òg Studentspretten borte mot Stryn, til pause ligg dei under 1-0. Syril speler mot Bremanger på heimebane, og stillinga til pause er 0-1. I 3.divisjon møter Sogndal 2 Fyllingsdalen borte.

Til toppen