3-2 målet: Etter 51minutt sette Eirik Rode 3-2 målet og sende heimelaget i leiinga.
3-2 målet: Etter 51minutt sette Eirik Rode 3-2 målet og sende heimelaget i leiinga. (Foto: Sunniva Knutsen)

Årdal FK vann 4-2 over Stryn i målrikt oppgjer

Det var eit spennande oppgjer på Jotun Stadion laurdag. Med 2 - 2 til pause kom heimelaget sterkt tilbake i andreomgang.

Årdal FK – Stryn  4–2 

Laurdag fekk Årdal FK besøk av Stryn på Jotun Stadion. Det enda 4-2 og tre nye poeng. Raudskjortene tronar solid på tabelltoppen med 45 poeng. . 

Målrik første omgang

Årdal pressa i startminuttane i første omgang, men gjestane Stryn gjekk i leiinga etter sju minutt. Vegard Hopland sette ballen i mål, etter ein uheldig Årdalkeeper sklei.

Etter 22 minutt reduserte toppscorer Truls Hovland, og sette inn 1-1 for heimelaget. Etter dette styrte raudskjortene spelet i ti minutt, før gjestane tok leiinga igjen med 1-2. Hopland igjen. 

KRIGA: Heimelaget hadde ballen mest i begge omgangar. Fredrik Sørli kriga om ballen. Foto:  Sunniva Knutsen

Heimelaget knota litt med avslutningane etter 1-2 målet, men rett før pause small det. Terje Øvstetun skrudde ballen i hjørnet til Strynekeeper Jakob Dypest Holst, på frispark. På overtid fekk Johnny Asperheim ein stor sjanse med ein heading på mål. 

Tok leiinga

Det var ein sjanserik andreomgang for heimelaget, og dei hadde ballen mest. Stryn var  farlege når dei først klarte å snappa ballen frå dei raude. 

I 51.minutt kjem Årdal sin nummer 4, Eirik Rode, inn i 16-meteren og knuser ballen mot mål. Ballen touchar handa til Holst før han bankar inn i krysset. 

Kring 70 minutt får Stryn ein sjanse, men ballen hamna rett i hendene på Sivert Larsson. 

Knappe fem minuttane etter er raudskjortene på ballen att. Årdal sin nummer 11, Fredrik Sørli, puttar ballen presist i mål. Stillinga er 4-2. 

I 87. minutt er det endå ein stor sjanse til heimelaget på corner. Truls Hovland på hovudet mot mål, men gjekk rett utanfor. 

Årdal stilte med denne startellevaren: 1 Sivert Larsson, 2 Ørjan Skilbrei, 13 Christian Stedje, 17 Brede Stedje Ylvisåker (kaptein), 21 Vegard Aafedt Bukve, 3 Nicolai Laberg, 4 Eirik Rode, 14 Johnny Aspeseter Hagen, 7 Truls Hovland, 9 Terje Kvam Øvstetun, 11 Fredrik Aspeseter Sørli

Til toppen