Årdal først ute med 4G frå ice.net

Årdal først ute med 4G frå ice.net

Årdal kommune er den første i landet som har fått 4G mobilt breiband frå ice.net.

Årdal: Det skriv selskapet i ei pressemelding onsdag. Administrerande direktør, Eivind Helgaker, fortel at geografien i Årdal gjorde at dei valte å oppgradera her først.

– Årdal har ein svært krevjande geografi, med høge fjell og djupe dalar. Nettopp difor oppgraderte me til 4G LTE her først. Tilbakemeldingane frå kundane våre er så langt svært gode, både når det gjeld opplevd hastigheit og dekning, seier han.

Med 4G kan brukarar surfa raskare på mobilnettet, og Ice.net har installert teknologien sin på Årdalstangen og på Heirsnosi i Øvre Årdal. 

Førebels dekker ikkje basestasjonane hyttefeltet på Torolmen og Sletterust, men det er planlagt å flytta stasjonane i løpet av 2-3 veker. 

– Brukarane av Ice.net i Årdal kjem med andre ord til å oppleva svært rask nedlastingshastigheit og svært god breibandsdekning der dei ferdast, seier Helgaker.

Ice.net var tidlegare ein reindyrka leverandør av mobil breiband. I løpet av sommaren lanserte selskapet også eit fullverdig mobiltelefontilbod til kundar over heile Noreg. Selskapet skal no utfordra Telenor og Netcom i kampen om norske mobilkundar.

Til toppen