FLEIRE SJANSAR: Endre Kauppi Straumsheim spelte seg gradvis inn på Årdal-laget i haust og kjem nok til å få enda fleire sjansar saman med fleire unge spelarar neste sesong. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FLEIRE SJANSAR: Endre Kauppi Straumsheim spelte seg gradvis inn på Årdal-laget i haust og kjem nok til å få enda fleire sjansar saman med fleire unge spelarar neste sesong. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal Fotballklubb må satsa lokalt

– Det er ingen klubbar i Årdal som har ressursar til å henta spelarar utanfrå og betala for det, seier Geir Kjetil Øvstetun.

Det kan gå mot eit samarbeid for seniorfotballen i Årdal etter ein sesong der alle tre laga sleit med å ha mange nok spelarar. 

Årdal klarte seg heldigvis med eit naudskrik i 3. divisjon, men kan få det tøft att komande sesong. Trenar Ivan Øy stadfestar at to av spelarane vurderer å gje seg.

– Det er berre to mann som har lufta det. Det er Edvin (Hestetun) som føler at kroppen ikkje vil meir. Hovudet vil, men eg har sjølvsagt forståing for det. Når Edvin er der, så gir han alt, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

VERT SAKNA: Edvin Hestetun (midten) og Preben Strypet (høgre) vert begge sakna, seier Ivan Øy.
VERT SAKNA: Edvin Hestetun (midten) og Preben Strypet (høgre) vert begge sakna, seier Ivan Øy.

– Kjempesakn

Den andre er toppscorar Preben Strypet, som fortalte til Porten.no etter kampen mot Tornado Måløy at han vurderer eit friår frå fotballen.

– Det blir eit kjempesakn sjølvsagt. Han er vår targetman og er ein frykta spiss. Han har nok følt at det har vore vel travelt i og med at han har ein familie og tenka på også, seier Øy.

– Men det er ikkje på slutten av sesongen at ein skal seia dette, men i byrjinga, og eg trur ikkje han har sagt siste ord enno, legg Årdal-trenaren optimistisk til. 

Erstatta med lokale talent

MÅ SATSE LOKALT: Det seier leiar i Årdal Geir Kjetil Øvstetun.
MÅ SATSE LOKALT: Det seier leiar i Årdal Geir Kjetil Øvstetun.

Både Hestetun og Strypet var viktige førstelagsspelarar denne sesongen og kjem til å etterlate seg eit hol som ingen utanbygdsfrå kan fylla.

– Nei, hovudsakleg er det slik at dei må erstattast med unggutane. Me har ikkje så mange andre val. Me er ikkje i den posisjonen at me kan ut og henta spelarar lenger. Me har ikkje arbeid å tilby dei, seier leiar i klubben Geir Kjetil Øvstetun.

– Men då er det viktig å seia at type Endre Kauppi Straumsheim, Halvor Neset, Vegard Aafedt Bukve, Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Sondre Offerdal og alle dei er folk som spelte i 3. divisjon i år og kan bli endo betre i vinter.

Blant Årdal, ÅTIL og Jotun går no diskusjonen om korleis neste sesong blir sjåande ut på seniornivå og også i aldersfastlagd. 

Viktig å førebu spelarane

I ei bygd der dei fleste unge reiser for å få seg utdanning i 19-årsalderen, blir det viktig at dei som kjem opp frå gutefotballen er best mogleg førebudd.

Det vil aller helst seia spel i 1. divisjon på gutenivå. Det er Øy einig i.

– Viss du ikkje har vore med og konkurrert mot det høgaste nivået til krinsen og skal opp i 3. divisjon, blir overgangen veldig stor. Det i seg sjølv vil ha ein effekt ved at ein får eit dårlager 3. divisjonslag. 

– For å seia det rett ut: Viss du har spelt 7-ar-fotball heile livet og plutseleg skal spela 11-ar, då taklar du ikkje det. 

Til toppen