TRADISJONSRIKT SAMLINGSPUNKT I SKOGEN: Gålaget tek eit fotostopp ved den namngjetne Hjeldfurua på veg opp mot Kvitingsmorki den 23. august. Turen er bratt i starten, men når ein har kome over kneika er det fantastisk å gå inn i ur- og skjeggeskogen, seier gålagsleiar Gunvor Nordås.
TRADISJONSRIKT SAMLINGSPUNKT I SKOGEN: Gålaget tek eit fotostopp ved den namngjetne Hjeldfurua på veg opp mot Kvitingsmorki den 23. august. Turen er bratt i starten, men når ein har kome over kneika er det fantastisk å gå inn i ur- og skjeggeskogen, seier gålagsleiar Gunvor Nordås. (Bilde: Odd Øvregard)

Ein ny, rik tursesong er over for gålaget

Årdal: – Me går att og fram same veg alltid. Då kan dei som vert slitne stogga, og venta på dei andre til me kjem ned att, eller dei kan snu og gå i førevegen heimetter. 

Det fortel leiaren i gålaget, Gunvor Nordås. Dei fleste i laget er pensjonistar, og det er fleire som har passert åtti år, og ein av sprekingane i turlaget er 89 år gamal.

– Når hausten kjem, og sesongen er slutt, er det mange som fortel at dei er i mykje betre form no enn om våren, då tursesongen starta, seier Nordås vidare, og ho vert glad for slike tilbakemeldingar. 

Den Norske Turistforening, som gålaget i Årdal inngår i, har sendt rosord til Gålaget for å vera eit fint folkehelse-tiltak, til føredøme for andre. Gålaget er ei undergruppe av Årdal Turlag, som høyrer innunder DNT.

KOSAR SEG PÅ ATTGRODDE STIAR: Gålaget likar å gå til gamle stølar og husmannsplassar som har gått or bruk. Soleis er dei med på å heidra levande historiske minne. Her utsyn frå husmannsplassen på Hausen mot fjorden og ferjene.
KOSAR SEG PÅ ATTGRODDE STIAR: Gålaget likar å gå til gamle stølar og husmannsplassar som har gått or bruk. Soleis er dei med på å heidra levande historiske minne. Her utsyn frå husmannsplassen på Hausen mot fjorden og ferjene. Bilde: Årdal gålag

Den sosiale med aktiviteten er også ein særs viktig dimensjon: 

– Me legg vekt på at alle i Gålaget er i same båt, og at det ikkje finst «tangingar» eller «øvringar» på turane. Vi er alle årdøler, seier Nordås. 

Laget har jamvel si eiga hymne, «Lat oss leva for kvarandre», som dei syng ved sjeldne høve. I år sang dei ho då dei var på fjellalteret på Rondane, og då dei var i Fjellkyrkja på Golsfjellet. 

Kvart år legg laget ut på ein lengre overnattingstur, og i år vitja dei fleire stølar på Golsfjellet. 

→ Les også: Gålaget gjer ein innsats for den nye dagsturhytta på Moakamben.

Både bygdevandringar og turar på attgrodde stiar er populære

Årets aller mest populære tur, målt i oppmøte, var bygdevandringa på Årdalstangen. Då møtte det opp 64 personar. Etter å ha vandra i bygda drakk dei kaffi og åt rundstykke på Klingenberg hotell. Bygdevandringa i Øvre Årdal var nesten like populær, og her var det på Tya bar dei drakk kaffien etterpå. Men elles plar dei ha kaffien med seg ut i naturen: 

– Me har med oss thermos, og so finn me fine steinar å sitja på og eta nista vår. 

I FOTSPORA HANS PER SIVLE: Gålaget er sosiale, sunne og også kulturinteresserte. Det er alltid ein kjentmann med på turane som fortel. Då dei fór til Nåli/Naole, ein husmannsplass som høyrde til garden Sivle, hadde dei med seg ein Sivle-ætling til å fortelja. 
I FOTSPORA HANS PER SIVLE: Gålaget er sosiale, sunne og også kulturinteresserte. Det er alltid ein kjentmann med på turane som fortel. Då dei fór til Nåli/Naole, ein husmannsplass som høyrde til garden Sivle, hadde dei med seg ein Sivle-ætling til å fortelja.  Bilde: Harald Yndestad

Men nokre turar vert litt meir påkosta: Då dei gjekk til Bergsetbreen i Jostedalen, åt dei middag på Jostedalen hotel. 

Og so går dei to vinterturar kvart år, ein på Seimsåsen og ein i Fardalen. Då går dei til fots ti skihyttene, der dei drikk kaffi. 

– Og me har gått turar på attgrodde stiar, til fråflytte høgdegardar i Lærdal, Luster og Valdres, til dømes. Turdeltakarane seier då av og til at «me hadde aldri sett denne forvitnelege plassen om det ikkje var for gålaget.» Og det synest eg er ei so fantastisk tilbakemelding å få, seier Nordås. 

Ho ynskjer å takka alle turleiarar og den flotte turgjengen for alle dei fine turminna for i år, og håpar at so mange som mogleg ynskjer å vera med i Gålaget til neste år. 

Gålaget skyr korkje vêr eller vind for å nå målsetjingane

– Me har aldri nokon gong avlyst ein tur, men me har endra litt på turruta om det har vore skikkeleg ruskevêr, seier Nordås, som skipa laget for elleve år sidan.

Ein gong i haust var det slikt stridt regnvêr at det rauk av fossestryka og Utla, som var vorten mørk av mold. Nordås talde 17 bekker som fossa nedetter fjellsida når Gålaget vel var framme til Vetti.

– Den dagen var det elleve med på turen, og me hadde godt humør, seier Nordbø, som likar å vere vitne til naturkreftene i sving. 

Kvart år fylgjer gålaget eit fast oppsett turprogram, og for årets tursesong skulle det eigentleg vere 27 turar. Men av ein finurleg grunn vart det likevel 29 turar før den kalde seinhausten sette i for alvor.

– Då dei 27 turane var omme, var det klart at alle gålagsmedlemene hadde sytt for eit samla antal på 971 turar. 

TRASSA VÊRET: Den fyrste november, etter at sesongen var slutt, gjekk gålaget ein ekstra tur i pøsande regnvêr, i håp om å få gått tusen turar til saman. Turen gjekk til Høljabekken mot Vetti. Etterpå var det dugnad med bygging av
TRASSA VÊRET: Den fyrste november, etter at sesongen var slutt, gjekk gålaget ein ekstra tur i pøsande regnvêr, i håp om å få gått tusen turar til saman. Turen gjekk til Høljabekken mot Vetti. Etterpå var det dugnad med bygging av "klopper" som skal leggast ut i blaute stiar til våren. Dei laut organisera endå ein tur til for å nå målet om å få gått tusen turar. (Når ein legg saman alle turane som kvar og éin går). Bilde: Harald Yndestad

Det vil seia at dei har hatt knapt 36 turdeltakarar med på kvar tur i snitt. Men gålaget tykte det var for gale å setja sluttstrek for sesongen, når dei var so nære å ha kome til tusen.

– Me gjer ein ekstra innsats for å pynta på statistikken. Alle i laget ville at me skulle passera tusen i år òg, slik som dei siste tre åra. So me laut laga til éin tur til, seier Nordås. 

Den dagen var derimot ein slik turdag med  kalde, piskande regndropar som kom ausande over turlaget, slik at berre atten møtte opp for å gå til Vetti.

Difor arrangerte dei endå ein tur, til Ytre Moa. No møtte heile 38 ivrige turgåarar opp. Dimed hadde dei nådd målsetjinga om å nå det samla antalet på tusen fottråkk, og vel so det. 

Gålagsleiaren Nordås har god kontroll på statistikken også for dei føregåande åra.

– Etter 11 tursesongar har me gjennomført vel 300 turar, og vore på 126 ulike stader. Og eg som var so redd for at folk ikkje ville vere med meg på tur då eg fyrst starta gålaget, seier Nordås. 

Til toppen