Årdal: – I dag var det minus 17,5 grader då me gjekk frå Aosahytta og ned att til Ofredalstunnelen, seier Harald Johannes Yndestad, ein av medlemene i gålaget.
Han kunne fortelja at dei aldri før har gått tur i slik kraftig frost.

Kvart år har Årdal gålag to turar tidleg på året, ein i februar og ein i mars. I slutten av februar går turen til skihytta på Seimsåsen, i slutten av mars til skihytta i Fardalen.
Den fyrste turen kvart år er fullmåneturen til Aosahytta i Seimsdalen når månen er på sitt fullaste mot slutten av månaden. I år var februarmånen på sitt fullaste den 28. februar.
– Me har aldri truffe so godt med fullmånen som i år. Han var heilt rund, og so var det heilt klårt. Tidlegare har det pla vera litt overskya, seier Yndestad.

Kvart år gålaget har fullmåneturen sin er programmet det same. Dei køyrer gjennom Offerdalstunnelen ein februardag, og går på vegen derifrå og til Aosahytta.
Der drikk dei kaffi og et vaflar, og so etter at mørkret har falle på, går dei attende til Offerdalstunnelen og køyrer heim.
– Det sosiale er viktig i gålaget, og denne turen er ekstra sosial. Me kosa oss i skihytta. Det å sitja der med kaffien og vaflane var hovudmålet med fullmåneturen, seier han.
Etter påske byrjar programmet
Styret i gålaget lagar kvart år ein plan for alle gåturane kvar onsdag frå april av og til langt ut på hausten. Det kjem inn framlegg og tips, og so set styret opp programmet.
Februarturen til Seimsåsen under fullmånen er ein fast tradisjon.