Årdal Gålag rundar av årets sesong

Nyleg avslutta Årdal Gålag tursesongen for 2015. Dei gjennomførte 28 turar med eit samla tal på 1069.

Årdal: Det er leiar i Årdal Gålag, Gunvor Nordås, som svarar Porten.no på følgjande spørsmål:

Sjå fleire bilete i galleriet øvst i artikkelen.

– Når vart Årdal Gålag starta?

– Første møtet var 28. febrar i 2007.  Då møtte Helge Moen, Eirik Hove, Steinar Hov, Svein Fretland og meg. Turprogram vart laga, og turleiarar og kjentmannn vart sett opp.  Onsdag 25. april  hadde Gålaget fyrste turen.

– Kvifor vart det starta? 

– I fleire år hadde spørsmålet vore oppe om det ikkje var behov for ei slik gruppe.  Og seinhaustes i 2006 kalla styret i Årdal Turlag inn til eit møte. Her fekk Svein Fretland og eg ansvaret for ei slik gruppe, og Årdal Gålag starta. Eg hadde vore med i ei hiking-gruppe i Colorado i to år og var sikker på at dette var noko å satsa på.

– Kor lenge har du vore leiar?

– Heilt sidan me starta opp.

– Kor mange var med på turar første året?

– Første turen gjekk til Moakamben/Ytre Moa. Det møtte opp 32 personar og alle dei 19 turane i programmet vart gjennomførte med eit samla tal på 545 personar. Andre året var det samla antalet 652.

– Kvar gjekk turane dei første åra? Døme?
– I 2007 hadde me turar i nærmiljøet og fjella i Årdal. Me hadde turar i Lærdal (Vindhella og Seltåsen). Me hadde også turar på Filefjell, Vardevegen på Sognefjellet og Skinneggi i Vang.

Turen til Molden hadde flest deltakarar 48, og me hadde første turen vår til Fuglesteg med 41 personar. Året etter starta me overnattingsturane våre.  Denne gjekk til Høvringen med 61 personar. Me hadde tur til Veitastrondi – Tungestølen til Austerdalsbreen. Me tok også opp att Vardevegen.

– Kor mange er med i Årdal Gålag no?

– Noko fast tal har me ikkje, einskilde er berre med på eit par turar, andre er med på alle.

– Kor mange har i gjennomsnittet vore med på kvar tur i år?

– Gjennomsnittet i år er rundt 40. Tidlegare år har talet lege på 32 til 39 personar.

– På det meste, kor mange har vore med på èin tur?

– I år var det 72 som var med og gjekk Ljøsnaveiti i Lærdal. Turen til den fråflytta høgdegarden Bergheim i Luster i fjor hadde 55 deltakarar. Ein strålande hausttur for 40 turgåarar til Gravdalsbandet i 2008.

– Når startar sesongen, og når avsluttar de den? 

– Me startar turane i april, har så tre veker ferie, og avsluttar i oktober.  I 2007 inneheldt programmet 19 turar, sidan auka det med turar slik at i år har me gjennomført 28 turar.

I 2009 starta me med kveldsturar i dei tre første månadene. Då me hadde gjennomført alle turane i programmet dette året, ville ingen avslutta, så då starta me med Bygdevandring i Øvre og på Tangen med stor tilslutnad.

FRÅ EIN AV DEI MANGE TURANE: Stor oppslutnad på dei aller fleste turar.
FRÅ EIN AV DEI MANGE TURANE: Stor oppslutnad på dei aller fleste turar.

– Kan du gi døme på turar de går som ikkje er så lange og krevjande? Kor mange stiller opp på dei?

– I Årdal har me eit flott turterreng, og me går alltid attende same veg slik at dersom turen blir for lang, kan ein berre snu. Me har fine turar i dalane våre, slik som til Vetti, og i Fardalen til dømes.

Korrenosi, Svartevatnet eller innover Årdalslangedalen, Feninga og Sjursete i Seimsdalen er andre døme.

– Nokre turar er vel litt tyngre fysisk. Kan du gi døme på nokre av dei? Kor mange stiller opp på dei?

– Nystølen i Ofredalen. Turgjengen stiller opp entan turen er kort eller lang, og «ut på tur aldri sur» gjelder i både sol og regn, stilla eller storm.
 For einskilde kan turen vera krevjande, for andre ikkje. Her er det vanskeleg å setja opp ein mal. Alle må kjenna sin styrke, og me snakkar alltid om  korleis neste tur er og går gjennom turprogrammet. 

Kvitingsmorki vil eg seie er krevjande for mange, det same til Myrhornet i Jostedalen eller Stoganosi på Filefjell. Men det stiller alltid mange opp her og.

– Kor mange ulike stader har Gålaget vore på?

– På sju år har det vore mange ulike stader Gålaget har vore på. Skulle eg tippa vil eg sei over 150. Me har til no gjennomført 220 turar og då er ikkje turane som me går på dei to dagane me er på overnattingstur talde med.

– Er nokre turar meir populære enn andre?

– Det ser ut til at turane i nabobygdene er meir populære enn korte turar i bygda.  Ljøsnaveiti i Lærdal med 72, Bergheim i Luster med 55,  Vindedalen i Lærdal 53 er nokre.

– Reiser de ofte på overnattingsturar?

– Me har hatt overnattingsturar sidan 2008. Me har reist til kysten, Hardbakke i Gulen og Florø. Me har overnatta på Sota Seter, Golsfjellet, Rondane og Hallingskarvet.

– Er det slik at de somme tider avtalar med hotel, kafèear, fjellhytter og liknande om at de kjem innom for å eta middag?

– På utanbygdsturane kjøper me lunsj eller middag, og i Valdres har me rommegraut.  Dette er sosialt og populært. På bygdevandringane har me kaffi og rundstykkjer på cafè. På Fondsbu får me servert viltgryte, og Solbjørg underheld med nydeleg sang.

– Har de ofte med såkalla "kjentmenn" på turane?
– Dette vart bestemt på første møtet at turane skulle innehalda litt kultur og historie. Difor har me alltid kjentmann eller turleiar med som kan fortelja om staden/området me vitjar.

ALDER INGA HINDRING: Alle som vil kan vera med på turane til Årdal Gålag.
ALDER INGA HINDRING: Alle som vil kan vera med på turane til Årdal Gålag.

– Er Årdal Gålag bestemt for ei spesiell aldersgruppe? Kor gamle er dei yngste, og kva er alderen på dei eldste?

– Årdal Gålag er for alle som har høve å gå tur på onsdagar og kan bevega seg ute i terrenget. Me har hatt med barnebarn, og den eldste me no har i laget er 87 år. Dei fleste er mellom 60 og 75 år.

– Kan alle som vil vera med på turane? 

– Alle som vil kan vera med, men ein må avpassa farten til turleiar. Dette er ikkje noko ekstremturar, men ein må kjenna sin fysiske styrke. Me har alltid matøkt og korte drikkepauser.

– Kan folk berre "slenga seg med" på einskilde turar?

– Det er ofte at folk berre slengjer seg med for å koma på ukjente plassar.          Men så likar dei seg så godt i gjengen at dei kjem att fleire gonger.   Me har hatt  med folk frå andre komunar og feriefolk, dei er hjarteleg velkomne.

– Kor mykje må ein betala for å vera med på kvar tur? Kva kostar det å bli medlem av Årdal Gålag? Må ein også vera medlem i Årdal Turlag, eller er det det same?

– Me betalar kvar sjåfør 50 kroner for køyring innanbygds, og 100 kroner når me til dømes skal til Lærdal. Det er ikkje krav å vera medlem i Årdal Turlag, men dei fleste betalar 150 kroner som er medlemsavgift dersom dei ikkje er medlem i DNT.

– Må ein ha eigen bil og sertifikat? 

 Me møter opp på parkeringsplassen og fyller bilane, så det er ikkje krav at du må ha bil sjølv.

– Kva vil du seie til dei som sit på gjerdet og lurer på om dei skal tore å vera med?

– Er du turglad, vil koma i betre form,  eller vil ha turfølgje, så kom deg over dørstokken og bli med!. Me kan lova deg fine turopplevingar, og du vil bli betre kjend i det flotte turterrenget me har.

SOSIALT OG TRIVELEG: Å vera med på turane handlar ikkje berre om å gå tur. Det å koma ut i frisk luft i godt selskap er like viktig.
SOSIALT OG TRIVELEG: Å vera med på turane handlar ikkje berre om å gå tur. Det å koma ut i frisk luft i godt selskap er like viktig.

– Kven avgjer kva turar de skal gå?

– Alle kan koma med forslag til turar, deretter avgjer styret kva turar som skal inn i turprogrammet.

Ofte kjem det forslag om å ta opp att tidlegare turar. Turprogramma varierer stort, frå korte turar i nærmiljøet, turar i nabobygdene, turar til gamle stølar på attgrodde stølsvegar, gamle ferdselsvegar og fråflytte høgdegardar.

– Er det visse vekedagar de går tur? 

– Me har bestemt oss for onsdagar, og det blir det nok neste sesong òg. Turendring på grunn av dårleg vêr kan det bli, men tur blir det alltid.

– Kvar finn folk informasjon om kvar turane skal gå utover sesongen, og om det er ein lett eller hard tur?

– Turprogrammet for heile sesongen ligg ute på sportsbutikkane i Årdal, og på nettstaden til Årdal Turlag. Der finn ein òg referat frå turane til Gålaget. Om det er ein lett eller litt tyngre tur, snakkar me om det, og turleiar går ofte turen på forhand.

– Kven sit i styret i dag?

– I dag sit desse i styret: Magnar Fredheim, Bjarne Aalen, Tor Valaker, Anton Kjærvik,  og meg.

– Driv Årdal Gålag med andre aktivitetar?

– Dei siste åra har me vore  på ÅBO og servert kaffi , spelt musikk og vist film frå turane våre. Dette har bebuarane sett stor pris på. Her får mange sjå att stølar og fjellområder der dei vandra i sin ungdom.

Me har òg invitert tidlegare turmedlemer, som no har dårleg helse og ikkje kan koma på tur, til ein mimrekveld på Fondsbu. Dette vil me halda fram med.  Ofte snakkar me om kor heldige me i Gålaget er som kan koma ut på tur -  ingen veit kor tid ein ikkje kan delta meir.

Til toppen