Årdal: På tampen av januar er det duka for konsert, "In memory of Elvis Presley", i Farnes Kyrkje. Då skal Årdal Gospelkor kore saman med tre prisbelønte artistar; Paal Flaata, Stephen Ackles og Vidar Busk.

– Det er tre kjempeartistar, og eit veldig flott prosjekt, fortel dirigent for gospelkoret, Bert Brons.
Årdal Gospelkor vart stifta i 1993, og har difor jubileum på 25 år i år.
– Av den grunn har eg i år lyst til å kome på eit høgare nivå med koret og satse meir på gospelkor, seier Brons.
Han meiner derfor at denne konserten er ein fin test.
– For første gong skal alle i koret ha eigen mikrofon under konserten. Dermed blir kvar enkelt testa litt. I tillegg blir det litt meir "trøkk", og veldig artig med profesjonelle musikarar.
Fire år etter sitt gjennombrot kom Elvis med sitt første gospel album, og alle (tre) Grammy han har vunne har vore for gospel.

Landsdekkande turné
Dei tre artistane skal dette året spela over åtti konsertar i kyrkjer landet over.
– I 2015 var det premiere på "En storslått hyllest til Elvis", der Flaata, Ackles og Busk skulle presentere ein konsert som hyllest til Elvis sin 80-årsdag, skriv Anita Søderlind Andersen for Good Rockin AS i ei pressemelding.
I utgangspunktet skulle dei kun ha 12-15 konsertar over ein tre månaders periode.
– Mottakinga blei derimot så eventyrlig, både blant publikum og presse, at dei no har gjort unna meir enn 110 konsertar!
Gospel var viktig for Elvis
Vidare i pressemeldinga står det at "In memory of Elvis Presley" er ein oppfølgjar til konserten i 2015, og at dei vil gjenskape den musikken som var viktig for livet til Presley.
Fire år etter gjennombrotet gav Elvis ut si fyrste gospelplate, og alle (tre) Grammy han har vunne har vore gospel.
– Det var ikkje gjennom gospel han tente dei store pengane, men det var det som gav han inspirasjon til å halda fram karriera som artist og filmstjerne, skriv Andersen.