PARKERINGSAVGIFT: Inntil vidare er skyttelbuss noko Årdal har behov for, men då må folket vere villige til å betale prisen – og politikarane må ta det upopulære valet. 
meiningar
PARKERINGSAVGIFT: Inntil vidare er skyttelbuss noko Årdal har behov for, men då må folket vere villige til å betale prisen – og politikarane må ta det upopulære valet. 
meiningar

Årdal har behov for skyttelbuss – det er det verdt å betale for

LEIAR: Eit upopulært val politikarane i Årdal kan stå samla om.

  • Endret

Dei som har ønskt seg ein skyttelbuss mellom Øvre Årdal og Årdalstangen kan sikkert vente litt med å halde pusten, men no ser det omsider ut til at dei folkevalde igjen får saka opp på bordet.

Og då ventar ein heftig debatt – eller kanskje ikkje? For ein skyttelbuss kan vere med på å løyse mange flokar i framtida, og det er på tide at Årdal får det på plass, men til kva pris?

Som med alle prosjekt innbyggjarane gjerne skulle ønskje seg i denne bygda, så kostar også dette pengar. Men kven skal ta rekninga? Det finst neppe nokre busselskap som vil drifte dette utan at det faktisk er lønsamt. Det er nok ein grunn til at bussrutene ser ut som dei gjer i dag. 

Samstundes har Årdal kommune stram nok økonomi som han er, og det er vel heller betre at dei millionane dette kostar vert brukt til andre tenester. 

Då sit ein eigentleg att med ein prinsippdebatt som kan bli interessant å følgje, spesielt når folkevalde frå dei fleste partia (om ikkje alle?) har stilt seg positive til ein skyttelbuss i tidlegare samanhengar. Men vil dei innføre parkeringsavgift?

Det er då meiningane vert utfordra. Meiningane til dei som heile vegen har vore klokkeklare på at skyttelbuss vil vere viktig for å knytte tettstadane meir saman, gjere sentrumsområda meir tilgjengeleg og gi betre tilgang på offentlege tenester.

Kor mange av dei som vil ha skyttelbuss kjem eigentleg til å ta denne viss det likevel er gratis å parkere? 

Her må ein vega det gode opp mot det dårlege. Ja, det er kjedeleg å måtte betale for parkeringa di, men det stoppar der. Reint privatøkonomisk kjem truleg dette til å gå opp i opp. Det vil seie: Det må iallfall politikarane syte for når dei skal innrette dette. Det skal løne seg for deg å ta bussen.

Det er også andre effektar. Det opplagde er klima og miljø-perspektivet. Mindre biltrafikk er bra – også for trafikktryggleiken. Er du uroa over korleis dette vil påverke handelen, altså om dette vil hindre folk frå til dømes Lærdal å reise hit, så ser du jo korleis det går i Sogndal. Folk reiser gjerne dit for ein handletur – sjølv om parkeringa kostar ein 50-lapp.

Sett frå eit folkehelseperspektiv er dette også bra. Viss dette betyr at du går og syklar meir, så kan dette faktisk betale seg tilbake når du blir gamal og har uforskamma god helse og kan bu heime til du parkerer tøflene.

Ein må også sjå dette i samanheng med samfunnsutviklinga. Det er ikkje sikkert dagens rutetilbod ser slik ut i framtida dersom kommunen til dømes skulle mista Årdal vidaregåande skule eller ha kraftig nedgang i folketalet. Alt heng saman.

Ein må også dra med reiselivet. Det er ikkje sikkert det blir like attraktivt å stoppe på torget, som eit prosjekt no skal få turistane til å gjere, dersom dei må betale for å stå her. Her finst det sikkert fleire løysingar, og éi kan vere at ein berre har parkeringsavgift utanfor turistsesong, til dømes frå skulestart til skuleslutt.

Fleire detaljar kjem sikkert på bordet etter kvart, og kanskje ein klarar å kome opp med ei endå betre finansieringsløysing, men inntil vidare er skyttelbuss noko Årdal har behov for, men då må folket vere villige til å betale prisen – og politikarane må ta det upopulære valet.

Viss parkeringsavgift er det som må til, er ein skyttelbuss verdt det.

Til toppen