Årdal: I førre veke var dei to første ladestasjonane i Årdal i drift.
– Det er greitt å få det på plass, vedgår Jørgen Luggenes i Årdal Energi.
Årdal var saman med Balestrand lenge dei einaste utan eit slikt tilbod i Sogn. I midten av oktober fekk dei tilskot frå Enova og under ein månad seinare står begge stasjonane ferdige.
– Det kjem nok ikkje så mange fleire no med det første, men det er mogleg å utvide det som me har bygd, seier Luggenes.
Han trur ladestasjonane er eit populært tilskot i dei to bygdene, men kor stor rift det blir om ladeplassen står att å sjå.
– Det veit eg ikkje heilt, men dei er allereie i bruk, har eg sett. Det er mange som har elbilar i Årdal og mange som reiser forbi òg. Dette er noko som har vore etterspurt i Årdal, seier han.