NY STATUS: Utladalen i Årdal er ein av innfallsportane til Jotunheimen.
NY STATUS: Utladalen i Årdal er ein av innfallsportane til Jotunheimen. ( Foto: Dick Brunsvold/arkiv)

Årdal har fått status som nasjonalparkkommune

Ordføraren håpar det vil gje eit løft til turistsatsinga.

Årdal: Årdal har fått innvilga status som nasjonalparkkommune. Kommunestyret vedtok å senda inn ny søknad i fjor, etter at den førre hadde blitt avvist i 2008.

Hilmar Høl og Anne Kauppi i Årdal Arbeiderparti.
NØGD: Ordførar Hilmar Høl i Årdal har trua på at statusen kan vera med på å løfta turistsatsinga i kommunen. Foto:  Arkiv

Ordførar Hilmar Høl fekk gladmeldinga i eit brev frå Miljødirektoratet.

– Me veit ikkje heilt kva det vil kosta og kva me må gjera, men me håpar dette vil gje oss eit lite sprang for å få utnytta potensialet for turisme, kanskje spesielt i Utladalen, i mykje større omfang, seier Høl.

I Sogn og Fjordane er det berre Luster og Stryn som har hatt denne statusen til no. Begge var blant dei 24 kommunane som vart tekne inn i det gode selskap i 2008.

Til toppen