AUKA BEREDSKAP: Rådmann Stig-Stark i Årdal Johansen orienterer om flaumfaren i kommunen.
AUKA BEREDSKAP: Rådmann Stig-Stark i Årdal Johansen orienterer om flaumfaren i kommunen. (Foto: Kristine Haglund)

Årdal har fått varsel om over 50 prosent sjanse for flaum

No tek kommunen grep for å hindra at vatnet skal gjera skade.

Årdal: I Årdal er det 55 prosent sjanse for ein flaum med oransje faregrad, det vil seia at flaumen kan medføra skade.

Kommunen har sett krisestab, og onsdag hadde dei møte i kantina på rådhuset for å diskutera moglege tiltak. 

– Det er uvant, ikkje berre her i Årdal, men eigentleg på heile Vestlandet, at me har ein slik risiko på våren. Vanlegvis er flaumfaren størst på hausten, når me får styrtregn, men på grunn av uvanleg mykje snø i fjellet, og sein smelting, så kan me no få det på våren óg, seier rådmann Stig Stark-Johansen i Årdal.

Han fortel at det ifølgje målingar ikkje har vore så mykje snø i fjellet på tretti år.

Gjer strakstiltak 

I ei pressemelding opplyser kommunen at situasjonen kan vara ei god stund framover, og at flaumen kan koma i to omganger. Faren for flaum vil auka viss det kjem regn og mildvêr samstundes. 

Etter råd frå NVE, som tysdag på synfaring i Utla-vassdraget, jobbar kommunen no ulike tiltak får å hindra skadeflaum. 

– Me gjer det me kan gjera. Det er tre store tiltak me ser på, men óg mange småting, som å rensa stikkrenner, og såkalla fanggroper, bekkar og små elvar, i tillegg til å ha møte med Sivilforsvaret, politi, folkehjelpa og andre instansar, seier Stark Johansen.

Ber turfolk vera forsiktige

Frå elva Utla vil det bli fjerna massar ved energiverket til Årdal Energi.

Ved Svalheim bru er vurderinga at det ikkje er mogleg å gjera strakstiltak, men kommunen vil følgja nøye med. På Øygarden er det synfaring onsdag, og tiltak vil bli vurderte.

– Akkurat no trur eg me har maskinar på gang som skal ut i elva i Øvre og prøve å tømma ho for masse, seier Stark-Johansen.

I pressemeldinga ber kommunen innbyggarane i området langs elveløpa gjera sitt for å hindra at flaumen blir øydeleggjande. Mellom anna blir folk oppmoda om å flytta unna verdisaker frå kjellarar og utstyr langs vassdrag som kan bli råka ved ein eventuell flaum. Folk som går turar i område med mykje vatn blir bedne om å vera forsiktige.

Til toppen