TRENG KVINNER: Skal ein lykkast med å skape folkevekst og bere samfunnet vidare, treng Årdal fleire kvinner i alderen 15 til 39 år, seier Terje Laberg i Årdal Utvikling. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TRENG KVINNER: Skal ein lykkast med å skape folkevekst og bere samfunnet vidare, treng Årdal fleire kvinner i alderen 15 til 39 år, seier Terje Laberg i Årdal Utvikling. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal har stort behov for fleire kvinner

Skal ein lykkast med å skape folkevekst og bere samfunnet vidare, treng Årdal fleire kvinner i alderen 15 til 39 år.

Årdal: Det seier næringssjef Terje Laberg i Årdal Utvikling og viser til statistikk frå Statistisk Sentralbyrå (SSB), som fortel at det er ein stor vekt av menn i desse aldersgruppene.

I aldersgruppa 0-14 år er balansen mellom menn og kvinner nesten heilt lik. 

– Kjønnsfordelinga er jamn ut grunnskulen, og så er det slik at jentene i større grad reiser frå Årdal. Ei av årsakene er at jenter i større grad vel å ta høgare utdanning enn gutane. Andre årsaker er at dei trekk meir mot sentrumsnære strok, og så er det så enkelt at Årdal har ein næringsstruktur som ikkje i like stor grad appellerer til jenter som til gutar, forklarar Laberg og meiner dette er noko ein må ta inn over seg.

Overvekt av menn

Dette kjem til syne for aldersgruppa 15 til 39 år i Årdal, der det er 148 fleire menn enn kvinner, viser tala per 1. januar. Det er ei utfordring for heile Distriks-Noreg.

– Skal me få ei utvikling av lokalsamfunnet, er kjønnsbalanse heilt klart å foretrekke. Det betyr at ein i større grad får folketilvekst som ber samfunnet framover, i staden for at ein er avhengig av tilflytting for å oppretthalde folketalet. 

Løysinga, meiner Laberg, ligg i å satse hardare på næringar som appellerer til kvinner. For sjølv om det er likestilling i alle bransjar, er det framleis slik at kjønna fordeler seg litt ulikt på næringane. 

– Det kan vere næringar som service, der det er eit stort overskot av kvinner. Det same gjeld innanfor helse og omsorg og offentleg sektor, seier han.

Prioriterer kvinner som vil satse

Det er det ingen tvil om. Tal frå 2015 fortel at Årdal er ein av dei minst likestilte kommunane innanfor offentleg sektor, der 82,6 prosent er kvinner. 

– Me veit at industrien sysselset nesten like mange jenter som gutar, men jentene har ikkje alltid dette som foretrekt arbeidsplass. Det går utover trivsel og vidare kor lenge dei blir i jobben.

– Kva gjer Årdal Utvikling for å endre på dette?

– Eit konkret tiltak er at me prioriterer kvinner som vil starte for seg sjølv med eigne tilskot. Her diskriminerer me motsett, kan ein seie, fordi me vil satse på kvinner. Og me har fått nokre nye arbeidsplassar av det innanfor service, frisør og handel, der kvinner har blitt sin eigen sjef. Det tykkjer me er positivt, svarar Laberg.

Kombinasjon av helse og reiseliv

Han peikar også på næringsplanen til kommunen, der eitt av satsingsområde er arbeidsplassar innanfor helse. Her er Laberg klar på at dei ikkje har lykkast godt nok.

– Men reiselivssatsinga er eit døme på at me tenkjer kvinnelege arbeidsplassar. Eg trur at å kombinere reiseliv og helse kan vera ein vinnande strategi for Årdal, men førebels har me ikkje fått til helsesatsinga. Personleg tykkjer eg det er leitt fordi eg er overbevist om at det ville hjelpt oss med å utvikle samfunnet vidare. Det er her dei store investeringane no skjer.

Til toppen