Årdal held fram den imponerande poengfangsten

Etter 3-0 sigeren mot Gran har Årdal smått utrulege seks sigrar på dei sju siste kampane. 

Årdal - Gran: 3-0

Med forma Årdal er i om dagen er det allereie no fristande å snakke om den ettertrakta femteplassen og mogleg ny kontrakt i divisjonen. Det verka berre som ein fjern draum etter den skuffande vårsesongen.

Trenar Ivan Øy skryt av prestasjonane til laget, men minner samstundes om dei vanskelege kampane dei har i vente.

– Me viser at me er eit haustlag og når me får folk i form så er me gode. Men det skal seiast, laga vi har slått ligg rundt oss på tabellen. Den tøffe perioden kjem om ei lita stund. Då får me fire kampar mot lag som ligg over oss, seier han.

Les også: Årdal FK kjem til å kjempa om 5. plassen

Tok skalpen på nok ein tabellnabo

Første omgang var sjansefattig, men dei få som kom var det Årdal som stod for. Difor var det ikkje ufortent då Johnny Aspeseter Hagen sende heimelaget i føringa etter tjuefem minutt.

Etter kvilen opna kampen seg noko og Gran fekk seg nokre sjansar dei òg. Men Årdal var framleis giftigast og ti minutt ut i omgangen dobla Preben Strypet til 2-0, då han sette returen etter eit skot frå Truls Hovland i det opne målet.

Sigeren var aldri trua og det meste Gran skapte var nokre halvfarlege langskot.

Like før slutt sette Anders Lereng inn 3-0 med ein vakker lobb over keeper. 

– Sløsar framleis med sjansane

Det var noko av det siste som skjedde i kampen og dermed held Årdal oppe den mildt sagt imponerande poengfangsten denne hausten.

Øy er nøgd med korleis laget greidde å følgje slagplanen dei hadde lagt før avspark. 

– Spesielt i andreomgangen, då slepp me dei ikkje til og me tvingar dei til å gjere det me ønskjer. Det skapar overgangar for oss. Når me ser på antal sjansar, så burde det kanskje stått eit anna siffer på måltavla. Me sløsar litt med sjansane enno, tykkjer eg, seier Øy. 

Likevel er han nøgd med ein komfortabel 3-0 siger mot tabellnabo Gran. Ein ny trepoengar vil kome godt med når det byrjar å tetna seg til mot slutten av sesongen.

– Det er godt å få sjølvtillit og å gjennomføra kampen på ein god måte. Då er me med og kjempar om dei plassane me snakkar om, seier han.

I avdeling åtte tapte Fjøra i dag 1–2 borte mot Stryn. Dermed ligg laget frå Sogndal på sjetteplass på tabellen, men har framleis heng på dei to laga framfor dei. 

Til toppen