HELD FRAM: Årdal kommune held som venta fram i samarbeidet om lokalmedisinsk senter ved Lærdal sjukehus. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HELD FRAM: Årdal kommune held som venta fram i samarbeidet om lokalmedisinsk senter ved Lærdal sjukehus. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal held fram i LMS

Som venta sa kommunestyret i Årdal ja til å fortsetta samarbeidet om Sogn lokalmedisinsk senter. 

Årdal: Kommunestyret gjekk inn for innstillinga til formannskapet då dei tok endeleg stilling til at dei skulle halde fram i det lokalmedisinske senteret ved Lærdal sjukehus. 

Årdal sa opp avtalen i desember i fjor for å koma i posisjon til å forhandle om pris. Det viste seg å vere lite ein kunne kutte på, og i oktober kom det i staden fram at tilbodet hadde blitt mykje dyrare enn venta.

NY TONE: Trude Klingenberg (Sp) er glad for at Årdal skal halde fram i LMS.
NY TONE: Trude Klingenberg (Sp) er glad for at Årdal skal halde fram i LMS.

– Ville ikkje seie opp i fjor

Trass prisauken, gjekk Årdal inn for å fortsette samarbeidet fordi det ville vere for krevjande å løyse dette med eigne ressursar. Trude Klingenberg (Sp) minna om at Senterpartiet, Venstre og Høgre røysta mot oppseiinga for eit år sidan.

– Me var klare på at me ikkje ville seie opp avtalen og vart bekymra for tenestene til folk og kva som ville skje med LMS då me sa opp avtalen. Det var mitt første møte med korleis lokalpolitikken fungerer. Sp er nøgd med at pipa har fått ein annan tone, sa ho på talarstolen torsdag.

Ville halde fram med kreftkoordinator

Sjølv om alle var samstemte i å halde fram, vart det likevel ein debatt rundt avslutninga av kreftkoordinator. Arbeidarpartiet fremja forslag om at Årdal skulle halde fram med å betale til denne stillinga så lenge tilskotet frå Kreftforeninga var der og dersom dei andre kommunane også ville det. 

Årdal sin del er på 100.000 kroner, men tilskotet er lagt opp slik at kommunane etter kvart skal finansiere stillinga sjølv frå 2020.

Det var Senterpartiet med på, men då rådmann Olve Fossedal fortalte at vertskommunen Lærdal også hadde sagt nei, vart forslaget trekt.

– Bakgrunnen for at rådmann ikkje vil vidareføre denne stillinga er fordi me har fått tilbakemelding frå eigen organisasjon om at me har tilstrekkeleg kompetanse til å ivareta dei gruppene sjølv, forklarte han.

Til toppen