Det er usikkert kva som kjem til å skje i dagens oppgjer. Årdal og Skavøypoll ligg langt frå kvarandre på tabellen, men statistikken for dei siste kampane lovar ikkje godt for Årdølane. Arkivfoto
Det er usikkert kva som kjem til å skje i dagens oppgjer. Årdal og Skavøypoll ligg langt frå kvarandre på tabellen, men statistikken for dei siste kampane lovar ikkje godt for Årdølane. Arkivfoto

Vanvittig drama på overtid: – Me skaut med mykje lauskrut i dag, seier Årdalstrenar

Laurdag kom Vågsøylaget Skavøypoll på besøk til Årdal. Heimelaget låg langt framme på tabellen, men har hatt nokre uheldige kampar i det siste. Det førte til ein kamp heilt utanom det vanlege.

Årdal: Regnet ausa ned på Jotun stadion under dagens 4. divisjonskamp. Det var stor spaning kring dagen, sidan Årdal den siste tida ikkje har prestert sitt beste. Og spaning vart det nok av!

– Lægreid hadde kanskje si storheitstid for 20 år sidan, men han veit framleis kvar målet står, seier Årdalstrenar Ivan Øy om dei nervepirrande siste minutta.

Kampen starta med at Skavøypoll sin spelar Markus Tvendeseter Kupen small inn det einaste målet i førsteomgang og laga gjekk i garderoben med stillinga 1-0.

Men i andre omgang vart det Årdal sin tur. Like etter pause skår Joachim Furset på heil volley og sørga for at Årdal kom attende i spelet. I minutt 67 nikka Johnny Aspeseter Hagen ballen i nettet til Skavøypoll, og heimelaget kom i leiinga 2-1.

Men berre eitt minutt etterpå plantar Yngve Hagen utliktningsmålet for Skavøypoll. Stillinga er 2-2 i det kampen nærmar seg 70 minutt.

Etter eit vanvittig drama på overtid smell Kent Lægreid ballen i målet til Nordfjordingane, og Årdal stakk av med tre poeng.

– Ein hard, men fortent siger

Trass i at Årdal stort sett kontrollerte ballen, var dei ikkje like overlegne som Ivan Øy skulle ynskje.

Spesielt peikar han på midten av andre omgang, då Årdal greidde å kome i leiinga for so å ligge likt att innan eit minutt.

– Der skjer det som ofte skjer: me legg oss bakbå, skapar eit dumt frispark og står med hua i handa då dei andre skårar, seier Øye.

Trenaren seier at laget enno har mykje å jobbe med, men at dagens siger var fortent.

– Kampen kunne fort ha bikka andre vegen, men me spelte best og resultatet syner det.

Trenar Ivan Øy seier Årdal spelte best laurdag ettermiddag, men at laget framleis har litt å jobbe med.  Foto: Arkiv/Truls Grane Sylvarnes.

Må jobbe på avslutningane

Øy er generelt nøgd med spelet under dagens kamp, spesielt skryt han av tempoet då andre omgang tok til. Då skåra dei etter fire minutt.

– Men fart er ikkje alt. Me må jobba meir på avslutningane våre – gripe moglegheitene då dei syner seg, men ikkje skyte berre for å skyte. Me må jobba litt med tolmodet i laget, seier Øy.

Om Årdølane rekk å jobba på tolmodet før dei skal på grasmatta igjen, får me sjå. Neste kamp Årdal skal spele er mot Florø II den 6. oktober.

Til toppen