JULEMESSE: Laurdag arrangerte Årdal i Sogn Røde Kors si årlege julemesse. Foto: Sunniva K. Øvstetun
JULEMESSE: Laurdag arrangerte Årdal i Sogn Røde Kors si årlege julemesse. Foto: Sunniva K. Øvstetun

Årdal i Sogn Røde Kors - meir enn berre julemesser

Laurdag føremiddag arrangerte Årdal i Sogn Røde Kors julemesse i samfunnshuset på Årdalstangen, men organisasjonen har fleire ballar i lufta.
 

Mykje på tapetet
Årdal i Sogn Røde Kors er ein organisasjon som kanskje mange gløymer litt vekk, men det er inga tvil om at organisasjonen gjer ein viktig jobb. Dei arbeidar for å gje støtte og omsorg til personar og grupper som er i ein sårbar livssituasjon i kommunen vår.

For å få til dette deltek Årdal i Sogn Røde Kors aktivt på fleire arenaer. Dei arrangerer mellom Anna song og musikkstiler rundt på institusjonane i kommunen, deltek i "stopp volden" aksjonen saman med "politikameratane", formidlar julegåver til born som treng det, og betalar årleg for eit S.O.S fadderbarn.

Besøksteneste

ENGASJERER SEG: Nestleiar Astrid Bruheim,  leiar Aud Øren og Solfrid Svortevik er nokre av dei aktive medlemma i Røde Kors.
ENGASJERER SEG: Nestleiar Astrid Bruheim,  leiar Aud Øren og Solfrid Svortevik er nokre av dei aktive medlemma i Røde Kors.

Noko av det som Årdal i Sogn Røde Kors verkeleg brenn for, er besøkstenesta dei er ein del av. Nestleiar i Årdal i Sogn Røde Kors Astrid Bruheim, seier til porten.no at besøkstenesta er veldig viktig, og at besøksvenene vert svært verdsatt.

- Som besøksvenn så reiser ein heim til folk rundt om i kommunen som treng selskap. Ein skal ikkje fungere som heimehjelp, men nokre få ærend på butikkane går sjølvsagt an. Målet er å bidra til at fleire menneske kjem seg ut og ikkje vert sitjande heime.

Besøkstenesta dreg og rundt på sjukeheimane på Årdalstangen, på ÅBO i Øvre og til AD bustadane. Her skapar dei liv og røre, ofte med musikk.

- Me samarbeider og meg heimesjukepleia i kommunen om besøk hjå eldre som bur heime. Per dags dato har me for få besøksvener til å dekkje alle eldre som ynskjer å nytte seg av denne tenesta. Men vonar sjølvsagt at fleire vil vere med å hjelpe.

Vonar om rekruttering
I dag har Årdal i Sogn Raude Kors omlag 100 betalande medlemmar, men berre rundt 30 av desse er aktive. Leiar for Årdal i Sogn Røde Kors, Oddrun Fredheim, er nøgd med oppslutnaden kring Røde Kors, men seier at dei framleis treng fleire aktive medlemmar.

- Me ynskjer å halde fram med aktivitetane me har i dag, og vonar me klarar å nå enda fleire av dei som ynskjer besøk både på institusjonane og i heimane. For å få til dette treng me fleire aktive medlemmar, og me ynskjer særleg fleire mannfolk hjarteleg velkomne.

Tradisjonsrik julemesse
Kransekaker, dukar og heimespøta vottar var berre noko av det ein kunne sjå på julemessa laurdag. Årdal i Sogn Røde Kors var ikkje aleine om å arrangere julemesse i helga.

JULEMESSE: Mange tok turen i samfunnshuset laurdag.
JULEMESSE: Mange tok turen i samfunnshuset laurdag.

Med seg hadde dei Nedre Årdal Kyrkjering, som også stilte opp med mykje flott handarbeid og gode kaker. Det var og loddsal på bøker, og i kantina i samfunnshuset kunne ein kjøpe seg noko godt å bite i, setje seg ned og slappe av. Underhaldninga var det Elisabeth Søvik og Leyeune Avdal som sto for. Dei stilte opp med flott song og vakker ballett.

Årdal i Sogn Røde Kors og Nedre Årdal Kyrkjering har arrangert julemesse saman i mange år, og årets julemesse var truleg ikkje den siste.
 

Har du lyst å vere med å gjere ein positiv innsats for lokalmiljøet ditt? Røde Kors har bruk for alle, og nokon vil alltid setje pris på det nettopp du bidreg med.

Ta gjerne kontakt med Årdal i Sogn Røde Kors på telefon; 95870271, då treff du ei hyggeleg dame ved namn Aud M. Øren.

Til toppen