SJÅ HER: Geir Halstensen, spesialrådgjevar i KS, peikte på område som Årdal kommune hadde potensiale til spare «big money», som han kalla det. Pleie og omsorg blei spesielt trekt fram. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SJÅ HER: Geir Halstensen, spesialrådgjevar i KS, peikte på område som Årdal kommune hadde potensiale til spare «big money», som han kalla det. Pleie og omsorg blei spesielt trekt fram. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal kan hente «store pengar» innanfor omsorg

Det er den klare meldinga frå KS til administrasjonen i kommunen og politikarane i Årdal. 

Årdal: «Follow the big money» var den klare bodskapen frå seniorrådgjevar Anne-Bjørg Aspheim og spesialrådgjevar Geir Halstensen i KS. I Årdal kommune ligg dei store pengane innanfor pleie og omsorg.

Med matematikken som sitt verktøy la dei to fram kva område Årdal kunne henta store pengar på for å koma ut av Robek-registeret og halde seg utanfor. 

Der kom det fram at kommunen har eit forbruk innanfor pleie og omsorg som ligg høgare enn landssnittet for kommunar Årdal kan samanlikna seg med. 2014-tala viser at industrikommunen brukar rundt 11,5 millionar meir enn landssnittet på dette området.

Les også: – Mogleg å hente pengar utan at det går for mykje ut over tenestene

Av tala kom det også fram at 88 prosent av tildelte timar i heimetenesta går til brukarar under 67 år. Kostra-tala fortel at netto driftsutgifter per heimetenestebrukar under 67 år var på 543.546 kroner, medan for brukarar over 67 år var tilsvarande tal 46.590 kroner.

– Vanskeleg område

– Dette er ikkje eit enkelt område fordi det er mykje brukarrettar. Dei har rett på denne tenesta og får utmålt ei teneste. Viss dei ikkje er nøgde, kan dei klage på enkeltvedtak til Fylkesmannen, og veldig ofte får dei medhold, seier rådmann Olve Fossedal, som tek med seg vidare metoden for å kartlegging av pengebruken.

Artikkelen held fram under biletet.

VANSKELEG OMRÅDE: Rådmann Olve Fossedal (til høgre) seier pleie og omsorg er eit vanskeleg område blant anna fordi det er mykje brukarrettar her.
VANSKELEG OMRÅDE: Rådmann Olve Fossedal (til høgre) seier pleie og omsorg er eit vanskeleg område blant anna fordi det er mykje brukarrettar her.

– Det er ein kostnadsdrivar. Me har veldig mange yngre brukarar som har høgt tal timar teneste, og det er grunnen til at omsorg er eit område som må ha eit spesielt fokus no. Eg har ikkje sagt at det er der det ligg, men objektivt sett er det der utfordringane ligg.

Les også: Høl: – Difor kom Årdal på Robek

Forutan at det er mange brukarar under 67 år av heimetenesta, er også ei for «snill tildeling» av brukartimar, eller ansikt-til-ansikt-tid, og høg andel med brukarar over 80 år med institusjonsplass faktorar som fører til høgt forbruk.

Ansikt-til-ansikt-tid

Alt dette utfordra spesialrådgjevar Halstensen dei som sat i salen med, før han sendte bestillingar på dette arbeidet vidare til rådmann.

– Men så er det slik at det gjenstår ein del ting, og det med å kartleggje ansikt-til-ansikt-tid er noko me har drøfta for å sjå kor mykje som blir brukt opp mot brukarane for å få vekk desse tidstjuvane. Det er noko me skal sjå på no, heilt openbert, kommenterer rådmann vidare og seier det er betre no enn tidlegare.

Les også: Opposisjonen: – Eit ansvar ein ikkje kan fråskrive seg

Aleksander Øren Heen (Sp) fortel det ikkje er sikkert at løysinga er å putta meir pengar inn i tenesta, men å endra måten ein leverer på.

Artikkelen held fram under biletet.

ETTERSPØR: Aleksander Øren Heen (Sp) meiner politikken må ha ein god gjennomgang av heimetenesta og etterspør grep som kan gjerast for å betra situasjonen.
ETTERSPØR: Aleksander Øren Heen (Sp) meiner politikken må ha ein god gjennomgang av heimetenesta og etterspør grep som kan gjerast for å betra situasjonen.

– Eg trur me må ha ein god gjennomgang på heimetenesta, om me puttar inn pengar der det treff dei som treng det mest. Så ærlege må me vera. Det er grep som kan gjerast, og sjølvsagt er det noko me som politikarar vil etterspørje og som administrasjonen eigentleg har fått ei bestilling på i dag, seier han til Porten.no.

Målekort

Det stiller Arild Ingar Lægreid (Ap) seg bak og fortel at dei no jobbar med såkalla målekort som skal til politisk behandling før nyttår. 

– Me må djupare ned i det som er påpeikt og ta avgjerder som gjer at det ikkje går vesentleg ut over tenesta.

Les også: Kommunen slapp unna oppseiingar

Ved inngangen til dette året var Robek-gjelda til Årdal kommune på 17,4 millionar, men etter omstillingsprosjektet, der 10,8 millionar vart teke ned i driftsbudsjettet, gjenstår det i overkant av 8 millionar som skal hentast inn i budsjettet for neste år. Då er det gitt at årets budsjett er i balanse.

Artikkelen held fram under biletet.

RÅD: KS lista opp fleire råd kommunar med Robek-status burde ta med seg.
RÅD: KS lista opp fleire råd kommunar med Robek-status burde ta med seg.

– Eg har stor tru på og har proklamert at dette skal me klara. Eg trur me må sjå på kva me får att for dei pengane me puttar inn. Frå 2017 må rekneskapen gje eit overskot på 8-10 millionar viss me skal få handlefridom, og det ønskjer me, seier ordføraren.

Politisk ansvar

Då er det opp til politikarane om dei vil gå for dei innsparingsforslaga som rådmann legg fram i budsjettet som skal opp til behandling i november. 

– Når rådmann legg fram budsjettet, vil rådmann foreslå dei naudsynte kutta, og så får det blir opp til det politiske om dei går for dette eller om dei har eigne tiltak dei heller vil foreslå. 

Les også: Årdal deltek i utviklingsnettverk

– Her er det snakk om inndekking for å koma ut av Robek, og den inndekkinga er det rådmann sitt ansvar å foreslå og politikarane sitt ansvar å vedta, avsluttar Fossedal.

Til toppen