TYINOSEN: Brøytebilane har gjort sin del av jobben. So er det berre å håpa at sikta ikkje vert so dårleg sundag at vegen lyt stengast. Biletet er teke ved Tyinosen, klokka 12.15, laurdag.
TYINOSEN: Brøytebilane har gjort sin del av jobben. So er det berre å håpa at sikta ikkje vert so dårleg sundag at vegen lyt stengast. Biletet er teke ved Tyinosen, klokka 12.15, laurdag. (Statens vegvesen, webkamera)

Årdal kan måtte nøya seg med sjøen som veg

Det er meldt snøvêr sundag, og i verste fall kan Årdal-Tyin verta stengt.

Årdal: – Me har prioritert å halda fjellovergangen Årdal-Tyin open. Men han kan verta stengt. Filefjell er stengt, men me set inn ressursane på Årdal-Tyin no når vegen mellom Årdalstangen og Fodnes er stengt, sa kontrollingeniør Bjørn Indrebø til Porten.no i går. 

– Kva gjer de ekstra for å halda vegen open?

– Me har tilstrekkeleg med brøytebilar og det som er. Det vert sett til at det skal vera frakmomeleg. So sant det er sikt oppå fjellet vil vegen haldast open. Men det er ikkje forsvarleg å halda vegen open om det ikkje er sikt. 

Fine køyreforhold over fjellet laurdag

I dag er det fine køyreforhold over Tyin, og klart vêr. Men i morgon er det meldt snøvêr. Vert sikta for dårleg lyt altso vegen stengast. Og kanskje vil ikkje raset utfor Finnsåstunnelen like ved Årdalstangen vera rydda bort. 

I verste fall kan årdølene i morgon, sundag, få eit scenario der begge vegane som gjev samband med omverda er stengde. I so fall står årdølene att med båttrafikk frå Årdalstangen (og helikopter) som transportalternativ om dei lyt ut av bygda.

Til toppen