VINNARGLEDE: Kaptein Marcin Brzycky og Geir Reidar Hestethun jublar for tre poeng mot Herd. No kan plassen i 3. divisjon sikrast komande helg. Foto: Siren B. Svortevik.
VINNARGLEDE: Kaptein Marcin Brzycky og Geir Reidar Hestethun jublar for tre poeng mot Herd. No kan plassen i 3. divisjon sikrast komande helg. Foto: Siren B. Svortevik.

Årdal kan trygga plassen til helga

Takka vere ei hjelpande hand frå Bergsøy, kan Årdal sikra plassen i 3. divisjon komande helg.

Årdal: Då møter årdølene Florø 2 borte. Med uavgjort i denne kampen kan neste års plass i 3. divisjon vera sikra allereie med to rundar att å spela etter det.

Florø 2 er det einaste av dei tre laga under nedrykksstreken som har ein matematisk sjanse for å trygga plassen. Søndag tapte dei 2-3 for Bergsøy.

Les også: Årdal i lykkerus og vinnarmodus

I og med at Årdal vann sin kamp 2-0 mot topplaget Herd, er avstanden ned til fylkesrivalane på sju poeng med ni poeng å spela om. Uavgjort komande helg vil altså gjera det umogleg for Florø 2 å ta igjen Årdal på tabellen.

Det vil i så fall gi raudtrøyene frå industribygda ein langt meir behageleg avslutning på sesongen i forhold til den førre då det heile vart avgjort i sesongens siste kamp mot Tornado Måløy, ein kamp som enda 3-3. 

Les også: Årdal-sesongen i bilete

Med helgas siger har Årdal nådd den poengsummen trenar Ivan Øy meinte dei måtte ha for å klara seg, og det skal ein ganske så stor kollaps til, samstundes som at Florø 2 vinn resten av kampane sine, for at Årdal ikkje skal greia dette. 

Til toppen