UTVIKLINGSNETTVERK: Årdal kommune har sagt ja til å vera med i eit utviklingsnettverk som skal hjelpe kommunen ut av Robek-lista. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UTVIKLINGSNETTVERK: Årdal kommune har sagt ja til å vera med i eit utviklingsnettverk som skal hjelpe kommunen ut av Robek-lista. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal kommune deltek i utviklingsnettverk

Målet er å få tilbake den økonomiske handlefridomen og kome seg vekk frå Robek-lista.

Årdal kommune er invitert av KS til å delta i eit utviklingsnettverk saman med andre kommunar. Målet er å gjera deltakarane i stand til å få attende den økonomiske handlefridomen, få dei vekk frå Robek-lista og igjen styre etter resultat og kvalitet.

Det er invitert til fem faglege samlingar fram til mai 2016, der det er føresett at kommunen skal gjennomføra utviklingsoppgåver lokalt mellom samlingane.

Bør vera med

LÆRE AV ANDRE: Hilmar Høl (Ap) meiner kommunen kan dra lærdom av andre i tilsvarande situasjon. Arkiv
LÆRE AV ANDRE: Hilmar Høl (Ap) meiner kommunen kan dra lærdom av andre i tilsvarande situasjon. Arkiv

Rådmann Olve Fossedal tilrår kommunen å delta, og formannskapet var samstemt i at dette er noko ein bør vera med på.

– For Arbeidarparti-gruppa er me samd i rådmannen si innstilling om at me bør vera med på dette. Me må reisa og høyra korleis me kan trekka erfaring frå andre kommunar i same situasjon, seier Hilmar Høl (Ap) og får støtte av Aleksander Øren Heen (Sp).

– Eg er glad Årdal vel å delta på dette. Eg trur det kan vera nyttig å snakka med andre kommunar om tilsvarande utfordringar. Eg er sikker på at me treng bistand i den jobben for at han skal bli gjort best mogleg, legg han til.

Får stønad frå Fylkesmannen

Deltakarkommunane skal utnevna ein prosjektleiar i 20-25 prosent stilling tilsvarande ein kostnad på rundt 150 000 kroner. Dette vert dekt av Fylkesmannen, som gir deltakarkommunane 200 000 kroner i år. Når kurset er fullført, tilfører han 190 000 kroner til som skal dekke kost, reise og opphald for fem personar.

Frå administrasjonen deltek Fossedal og kommunalsjef Svein Arve Grindhaug, medan Hovudtillitsvald i Fagforbundet Hege Therese Olsen deltek frå dei tillitsvalde.

Meiner fleire bør få vera med

BREIDDE: Aleksander Øren Heen (Sp) fremja forslag om at fleire frå politikken burde få vera med. Arkiv
BREIDDE: Aleksander Øren Heen (Sp) fremja forslag om at fleire frå politikken burde få vera med. Arkiv

Høl fremja forslag om at ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) og varaordførar Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) skulle delta frå politikken.

Men Senterparti-leiaren Heen var ikkje einig i at berre to frå det politiske miljøet skal delta, noko som var forslaget det vart lagt opp til. 

– Eg meiner at me bør velja ein litt større representasjon frå vårt hold. Eg trur det fornuftig at fleire enn berre to får vera med og ta lærdom. Eg trudde formannskapet delte det opp så langt det lot seg gjera slik at ein sikra at alle politiske parti får vera med, seier han og fremja forslag om at gruppeleiarar pluss ordførar skulle delta.

Det forslaget vart nedstemt. I staden gjekk formannskapet for forslaget frå Høl med bakgrunn i at invitasjonen galdt fem personar, og at å senda fleire ville koste meir enn det Fylkesmannen ville betale tilbake.

Til toppen