OG VINNAREN ER: Trafikktryggingsprisen 2017 går til Årdal kommune.
OG VINNAREN ER: Trafikktryggingsprisen 2017 går til Årdal kommune. (Bilde: Birthe Johanne Fredheim Finstad/Sogn og Fjordane Fylkeskommune)

Årdal fekk pris for å gjere trafikken trygg

– Eit førebilete for andre kommunar i fylket, seier prisutdelaren.

Florø/Årdal: Kommunen får prisen etter å ha fått stempelet Trafikksikker kommune, som første kommune i fylket, tidlegare i år.

– Årdal kommune har gjennom mange år jobba målbevisst med trafikktryggleik og er på mange måtar eit førebilete for andre kommunar i fylket i arbeidet med trafikktrygging, seier Noralv Distad (H), leiaren i utvalet som står bak prisen, i ei pressemelding.

Aleksander Øren Heen tok imot påskjønninga på 25 000 kroner på vegne av kommunen.

Godkjenninga som Trafikksikker kommune blir gjeve av Trygg Trafikk og er eit kvalitetsmerke for godt, målbevisst og samordna arbeid med trafikktryggleik. Til dømes er alle barnehagane i Årdal godkjende som trafikksikre barnehagar og skulane som trafikksikre skular. 

– Eg håpar at godkjenninga av Årdal kommune som Trafikksikker kommune og tildelinga av årets trafikktryggingspris kan vere til inspirasjon for andre kommunar i arbeidet med trafikktrygging, seier Distad.

I den føreslåtte fylkeskommunale handlingsplanen for trafikktrygging er det eit mål om at minst ti kommunar skal bli godkjende som Trafikksikker kommune i løpet av 2021.

Til toppen