BUDSJETT-UTKAST: Kommunalsjef Svein Arve Grindhaug la fram budsjett-utkastet for 2017, der ein tydeleg understreka at kommuneøkonomien ikkje er friskmeld trass utmelding av Robek-registeret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.  
BUDSJETT-UTKAST: Kommunalsjef Svein Arve Grindhaug la fram budsjett-utkastet for 2017, der ein tydeleg understreka at kommuneøkonomien ikkje er friskmeld trass utmelding av Robek-registeret. Foto: Truls Grane Sylvarnes.  

Årdal kommune har potensial til å ta ned 15 millionar på drifta

Det vert understreka at kommuneøkonomien ikkje er friskmeld. Her er utfordringane og potensialet.

Årdal: Adventstida nærmar seg, og det betyr også at budsjettdiskusjonar vil starte opp for fullt i dei ulike kommunane.

Medan nabokommunen Lærdal har store utfordringar, er det ikkje like dramatisk i Årdal. Men framleis kan ting som vil påverke budsjettet, endre seg, og økonomien kan såleis langt frå friskmeldast. 

– Eg vil så sterkt eg kan få sagt det seie at eg ikkje vurderer Årdal kommune sin økonomi som friskmeld. Trass i at det gjekk greitt i fjor, er det utfordringar i åra som kjem, som gjer at me burde iverksetja tiltak over ein lengre periode og får tatt nedtaka på ein balansert måte, er den klare beskjeden frå rådmann Olve Fossedal til politikarane i Årdal.

Samanlikna med andre kommunar som liknar på Årdal, har industrikommunen eit potensiale på å ta ned 15 millionar kroner på drifta, noko rådmannen gjerne vil gjere gradvis dei komande åra. I 2010 låg det same talet på 42 millionar, så det er gjort ein formidabel jobb dei siste åra, noko Robek-status har hjelpt til med.

Mistar 10,6 millionar fordi asylmottaket vert lagt ned

Tysdag fekk gruppeleiarane for alle partia i kommunestyret, samt formannskapet ein gjennomgang av budsjett-utkastet for 2017. Førebels er det eit budsjett i balanse, og i tida framover vil dei politiske føringane bli lagt. 

Kommunalsjef Svein Arve Grindhaug forklarte budsjettet i detalj. 

Det er først og fremst tre ting som har vesentlege korrigeringar for neste års budsjett. Det eine er nedleggjing av asylmottaket. Berre her får kommunen 10,6 millionar kroner i reduserte inntekter. I tillegg kjem reduksjon på eigedomsskatt på kraftselskap på 2,7 millionar i reduserte inntekter.

– Aldri vore borti at Årdal har kome så godt ut

Til saman snakkar ein då om 13,3 millionar kroner i reduksjon i inntekter, men då rammetilskota og berekninga for skatteinntektene var klare, var Årdal ein av vinnarane. Då fekk ein inn 13,6 millionar kroner. Det har Grindhaug aldri vore borti før for Årdal sin del. 

– Ser ein på aldersgruppa 0 til 15 år, så avviker Årdal vesentleg frå resten av landet her og får eit stort trekk. Samstundes får me ein stor pluss for tal eldre over 80 år. Også når det gjeld tal psykisk utviklingshemma over 16 år, gir det eit positivt bidrag inn i systemet. I Årdal har me 31 brukarar, som er veldig høgt samanlikna med resten av landet, forklarar Grindhaug. 

Men det kan liggje skjær i sjøen. Desse inntektene er basert på folketalet i Årdal per 1. juli i år. Dersom det har vore ein voldsom nedgang i løpet av 3. kvartal, altså at trenden er negativ, må ein fort justere ned desse inntektene. 

– Utgangspunktet for berekningar av rammetilskot og skatteinntekter er folketalet 1. januar 2017. Eg er litt uroleg for svingingane som har skjedd, og viss det går veldig ned, må ein gå inn og sjå på grunnlaget.

Må «finne» 2,5 millionar

Budsjettet er i balanse, men samstundes skal det setjast av 1,75 prosent av driftsresultatet. I praksis betyr det at administrasjonen og politikarane må «finne» 2,5 millionar kroner for å oppnå føringane frå Fylkesmannen. Då kan ein anten justere ned utgiftene, eller justere opp inntektene.

– Og skulle kraftkommunane rundt om lykkast i sitt press om på statlege myndigheiter for å hindre tapte skatteinntekter frå kraftselskap, vil det vere eit pluss for budsjettet sidan me allereie har teke høgde for dette tapet i utkastet. 

Til toppen