NY RÅDMANN: Stig Stark-Johansen er tilsett som ny rådmann i Årdal kommune.
NY RÅDMANN: Stig Stark-Johansen er tilsett som ny rådmann i Årdal kommune. (Foto: Årdal kommune)

Årdal kommune har tilsett ny rådmann

Kommunestyret i Årdal har torsdag innstilt Stig Stark-Johansen om ny rådmann.

Årdal: Kommunestyret vedtok samrøystes å tilsette Stig Stark-Johansen som ny rådmann. Mette Hestetun Berg frå Årdal er innstilt på 2.-plass, dersom Stark-Johansen ikkje skulle ta imot tilbodet.

– Eg har snakka med ordføraren og har takka ja til stillinga. Eg gler meg til å starta i jobben, sa Stark-Johansen til Sogn Avis, som først melde om saka. 

Stark-Johansen jobbar som direktør i Museum Vest, og har tidlegare jobba som rådmann i Eidfjord kommune. I 2012 vart han tilsett av kommunestyret i Årdal som rådmann, men han takka nei til stillinga for direktørrolla. 

Ordføraren nøgd med tilsettingprosessen 

Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) er nøgd med valet. 

– Eg er glad for at me har fått tilsett ny rådmann. Me set pris på at me har klart å rekruttera ein ny person til stillinga og eg ser fram til at han kan byrja 1.september, seier han til Porten.no.

Noverande rådmann Olve Fossedal varsla før jul at han sluttar 1. september, grunna han skal gå av med pensjon. 

Lægreid fortel at tilsettingsprosessen har vore positiv.

– Det har vore ein god prosess. Me har hatt med oss ein konsulent undervegs, og me enda med eit samrøystes kommunestyrevedtak om å tilsette Stark-Johansen. 

Til toppen