MÅ KUTTE: Rådmann Olve Fossedal og ordførar Arild Ingar Lægreid må gjere tøffe prioriteringar framover for at budsjettet skal gå i balanse. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).  (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Årdal kommune må kutte 9 millionar kvart år dei neste fire åra

Mørke økonomiske skyer tvingar politikarane i Årdal til å hente fram sparekniven. Det kan gå utover skulane, barnehagane og eldreomsorga i kommunen.

Årdal: Formannskapet i Årdal vedtok i dag, tysdag, å leggje forslaget til ein økonomi- og handlingsplan for dei neste fire åra ut på høyring. Økonomiplanen skal handsamast 2. november, men den endelege kuttlista vil først bli presentert når kommunestyret skal vedta budsjettet i desember.

I forslaget ligg det inne kutt på ei rekke tenesteområde, til saman nesten ni millionar årleg frå 2018 til 2021, som er naudsynte for at budsjettet skal gå i balanse.

– Vi har ei dyrare drift enn dei fleste andre kommunar det er naturleg å samanlikne oss med og dette er vel dokumentert i planen, seier rådmann Olve Fossedal i Årdal kommune.

Må redusere utgiftene til drift

Årsaka til dei tronge økonomiske tidene er ei drift som ikkje står i stil med det staten yter i tilskot. Synkande fødselstal og ei dramatisk auke i talet eldre gjer at det problemet berre vil auke i åra som kjem, viss ikkje noko blir gjort.

Alternativet til kutt er å ta frå overskotet til kommunen, som eigentleg skal gå til eit fond øyremerka uventa utgifter eller til investeringar.

– Viss vi tek frå det fondet for å bruke på drifta, så sit vi der til slutt og ikkje har pengar på bok. Det er ikkje bra, verken for ein kommune eller ein privatperson, seier rådmannen.

I møtet presenterte han ei tiltaksliste som viser prinsippa han meiner må ligge til grunn for kutta som vil kome. Her framhevar rådmannen mellom anna behovet for å gå etter dei store pengane, som i første rekkje er å finne innan omsorg, bu- og miljøtenesta, skulane og barnehagane.

– Desse tenestene må vi drive, men det er ingen som har sagt korleis vi skal organisere dei. Vi må prøve å finne lokale løysingar som gjer at vi ikkje bruker så mykje pengar, utan at det går dramatisk utover kvaliteten, seier Fossedal.

Kan tvinge fram nye nedleggingsdebattar

Om det framleis skal vere "to av alt" i Årdal er eit politisk spørsmål som igjen vil tvinge seg fram.

Stikkordet er strukturendringar, som rådmannen trur ikkje vil bli mindre aktuelle dei neste fire åra.

– Det har vore to samfunn her inne, Årdalstangen og Øvre Årdal, der det har budd så mange folk at det har vore naturleg å bygge ut tenestene begge plassar. Når ein skal ta ned desse tilboda og berre ha eitt tilbod ein stad i kommunen, så vil dei som mistar tilbodet reagere. Det forstår eg. Men når vi er i ein situasjon der vi ikkje har råd til å finansiere nye tiltak lovpålagde tiltak, så er vi nøydde til å sette i gang omstillingar for å få tak i pengane som trengst, seier Fossedal.

Ordføraren forventar tøffe tak

Fram mot desembermøtet vil ulike prosjektgrupper, samansette av tenesteleiarar, tillitsvalde og administrativ leiing, gå gjennom drifta for å finne til vege dei ni millionane som er i manko.

– Då vil vi få vite kva konsekvensar desse kutta har for tilsette og tenestetilbodet. Så får vi vurdere politisk om vi vedtek ein økonomiplan som går i balanse, eller om han ligg med ni eller fem millionar i overskot, seier ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap).

Likevel er han budd på tøffe tak i åra som kjem.

– Det er det alltid når ein skal redusere tenestetilbodet i kommunane. Årdal til liks med andre kommunar er nøydde til å driva billegare skal vi overleve. Me må gjera ein jobb kvar einaste år framover for å effektivisera drifta og ønskjer sjølvsagt at det ikkje skal gå ut over tenestetilbodet. Men det er ikkje enkelt, seier han.

Til toppen