Årdal: Helsetilsynet valde i fjor ut 57 kommunar å føre tilsyn med, for å sjå om dei gir utviklingshemma det tilbodet dei har krav på. I Indre Sogn var det berre Årdal som var inkludert i undersøkinga.
I Årdal sitt tilfelle vart det peika på at det vart funne manglar ved styringa som helsetenestene meiner inneber risiko for svikt i utføring av tenestene personleg assistanse og helsehjelp.
I tillegg heiter det i rapporten at Årdal ikkje sikrar forsvarleg planlegging, gjennomføring og evaluering av tenestetilbodet. I tillegg står det i tilsynsrapporten at brukarane i Årdal ikkje får forsvarleg legemiddelbehandling.
Den generelle tendensen på landsbasis
Generelt når det gjeld dei 45 kommunane på landsbasis som ikkje fekk godkjendt av Helsetilsynet, so syner det seg at det er mykje svak styring og for høgt risikonivå. Fleire stader følgjer ikkje kommunen med på om brukarane får dei helse- og omsorgstenestene dei treng, og leiarane spør ikkje om tenestene fungerer, viser undersøkinga.
– Kommunane strevar med å tilpasse tilbodet til den enkelte, at brukarane får medverke. Tenestene blir tilfeldige. Kommunane har ikkje sikra tilstrekkeleg kompetanse hos dei som arbeider med utviklingshemma, seier direktør Jan Fredrik Andresen i Helsetilsynet til NRK.
Leiar Jens Petter Gitlesen i Norsk Forbund for Utviklingshemma konstaterer at rapporten stadfestar det som har komme fram i fleire liknande rapportar, og håper no at politikarar både lokalt og nasjonalt vaknar.
– I kommunestyra er det få som kjenner til sektoren, og eit system der dei styrande ikkje kjenner til det som dei skal styre, kan aldri bli styrt godt. Framover krevst det mykje sterkare statleg styring, seier Gitlesen til NRK.
Gitlesen meiner tilbodet er dårlegare no enn da kommunane tok over ansvaret for dei utviklingshemma på 1990-talet.
Helsedirektøren etterlyser òg debatt om organiseringa av tilbodet til dei utviklingshemma.
– Når ein ser desse alvorlege funna, så er det jo heilt opplagt at vi må spørje oss om tilbodet er rett organisert, seier Jan Fredrik Andresen.