OPPRETTA STILLING: Årdal kommune oppretta stillinga tenesteleiar for helse etter kommunen vedtok å omorganisere helse- og omsorgsektoren tidlegare i sommar.
OPPRETTA STILLING: Årdal kommune oppretta stillinga tenesteleiar for helse etter kommunen vedtok å omorganisere helse- og omsorgsektoren tidlegare i sommar. (Foto: Arkiv)

Årdal kommune opprettar ny stilling for helse

Ønskjer ei meir fagtung avdeling.

Årdal: Dette kjem i kjølvatnet av omorganiseringa av helse og omsorg i Årdal kommune. Etter førre kommunstyremøte vart det vedteke at kommunen skulle gå attende til hovudutvalsmodellen.

– Dette er den siste stillinga som skal på plass. Dei andre to er besatt, og den er no lyst ut eksternt for å få den på plass, seier kommunalsjef Helen Koldal. 

Koldal: – Meir heilskapleg tilbod

Det nyoppretta tenesteområdet for helse omfattar legetenesta, helsestasjon, skulehelseteneste, jordmortenesta, ergoterapi, fysioterapi, frisklivssentral, folkehelse og psykisk helseteneste.

Etter omorganiseringa er eldreomsorga og heimetenesta blitt eitt område kalla pleie og omsorg, der Hilda Nese er ansett som tenesteleiar. Bu- og miljøtenesta har vorte til ei teneste for utviklingshemma der Marita Opheim er tilsett.

– Målet med ein tenesteleiar for helse er å få ei meir fagtung avdeling, og få større samanheng i tenestene slik at dei blir meir heilskaplege, seier Koldal.

Ho fortel at kommunen ønskjer at den nye rolla som tenesteleiar skal bidra til at kommunen får gode pasientforløp og prosessar som gjer det lettare for brukarane.

Ny koordinerande eining

Kommunen vil òg etablere eit tildelingskontor som er ein koordinerande eining for habilitering og rehabilitering, som skal fungera som ei dør inn for brukarane, ifølgje Koldal.

– Det skal bli lettare for brukarane å få oppfølgjing, samstundes som me får styrka fagområdet og tenesteområdet helse, seier ho. 

Til toppen