2-0: Jubelen er stor etter den andre scoring.
2-0: Jubelen er stor etter den andre scoring.

Årdal med draumestart på Kvåle Stadion

Årdal fekk med seg alle 3 poenga heim etter siger over Studentspretten.

Årdal: Laurdag fiksa Ole Gunnar Kjødnes og Johnny Aspeseter Hagen akkurat den starten Årdal drøymde om mot Studentspretten.

 

Årdal stilte med dette laget: Larsson - Sørli, Ylvisåker, Karlsen, Laberg - Rode, Aspeseter Hagen, Kjødnes (Lereng 78. min) - Kvam Øvstetun (Serif 83. min), Furset, Hovland (Loftheim 88. min).

Studentspretten stilte med dette laget: Eide - Øvregaard (Bråta Strømstad 47. min), Svarstad, Sletteland Sigvaldsen, Østvik - Olsen (Belland Eriksen 38. min), Minde (Leite Kalvøy 73. min), Kvalsvik - Bjørvik, Madsen Gundegjerde, Vold (Onarheim 38. min).

 

Årdal styrde det meste

Årdal scora 2 mål i løpet av ein 1. omgang der dei styrde det meste. Det første kom etter mykje klabb og babb, men til slutt fekk Ole Gunnar Kjødnes ballen i mål frå kloss hold.

Rett før pause sørga Johnny Aspeseter for 2-0 etter ein fin avslutning og flott innlegg frå Terje Kvam Øvstetun.

2. omgang var jamnspelt. Årdal var nokså heldige som ikkje fekk scoring imot etter stolpetreff, og at det ikkje vart dømt straffe etter at keeper Larsson sendte Markus Sletteland frå Studentspretten rett i bakken 2 minutt på overtid.

Braut forbannelse

Seier i sesongåpninga har ikkje vore kvardagskost for Årdal FK, dette er første gang dei  vinn første kampen i sesongen sidan dei slo Larsnes/Gursken på Jotun Stadion våren 2014. Dei har dermed snudd ei negativ trend som lovar godt for resten av sesongen. 

Til toppen