FORTENT: Etter mange sjansar og to mål på 24 minutt, leiar Årdal FK fortent.
FORTENT: Etter mange sjansar og to mål på 24 minutt, leiar Årdal FK fortent. (Foto: Elin Hæreid / Arkiv)

Årdal sikra tre poeng – men fekk hard kamp frå Studentspretten i andreomgang

Trass lag utan toppscorar, tok Årdal FK leiinga tidleg og styrte spelet. Så tok Studentspretten seg saman.

Årdal FK-Sutdentspretten: 2-1. 

Heimelaget styrer spelet i førsteomgang. Etter sju spelte minutt, set Erik Rode inn 1-0 til Årdal FK. På frispark frå 18 meter skyt han over muren og rett i mål. 

I det 24. minutt aukar Terje Kvam Øvstetun leiinga til 2-0.

Årdal sin toppscorar Truls Hovland, som har scora 20 mål hittil i sesongen, står over dagens kamp grunna raudt kort mot Tornado Måløy sist. Heimelaget klarer seg likevel bra og held fram trykket ut førsteomgang med klart overtak. 

Studentspretten gjer hardare kamp i andreomgang

I andreomgang ser det ut til at Studentspretten hevar trykket og tek over meir av spelet. Årdal gjer spelarbyte elleve minutt uti kampen: Anders Lereng kjem inn for Fredrik Aspeseter Sørli.

To minutt etter reduserte Pål Madsen Gundegjerde frå Studentspretten til 2-1. 

Årdal gjer fleire spelarbyter. Vegard Bukve kjem inn for Kjetil Karlsen i det 72. minutt, og Marius Loftheim tek over for Ole Gunnar Kjødnes i det 78. 

Studentspretten endrar også på laget no; og bytar ut Fredrick Lindal med Olav Underdal. 

Til tross for fleire spelarbyter, får ingen av laga dei store sjansane resten av omgangen. Kampen endar 2-1, og Årdal FK er heldige som får med seg tre poeng.

Dagens spelar er Brede Stedje Ylvisåker frå Årdal FK. 

Til toppen