Lillestrøm 2 - Årdal: 3-0
Årdal var klart best før pause, men greidde ikkje å omsette dei mange sjansane til mål. I andreomgang var det Lillestrøm som tok over showet. Dei var langt meir effektive og henta heim ein komfortabel 3-0 siger.
Dermed fekk årdølene sitt første tap sidan 2-4 smellen mot Valdres i byrjinga av juni. Sidan har det blitt utrulege åtte sigrar og ein uavgjort på ni kampar.
Det står no att seks rundar i avdelinga. Før kampen i dag låg Årdal tre poeng bak fjerdeplassen og fornya kontrakt, to poeng bak femteplassen og håp om det same.
Tapet i dag gjer at det blir tøft å halde seg oppe. Men ingenting er umogleg, spesielt ikkje viss årdølene gjentek prestasjonane frå dei ni føregåande kampane.