AVGJORDE: Truls Hovland blei tunga på vektskåla då Årdal tok tre nye poeng mot Skarbøvik laurdag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
AVGJORDE: Truls Hovland blei tunga på vektskåla då Årdal tok tre nye poeng mot Skarbøvik laurdag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal med ny siger: – Me er i vinden

Truls Hovland blei den avgjerande faktoren då Årdal tok sin andre siger på rad.

Skarbøvik – Årdal 0-1

Hovland scora det avgjerande målet i det 57. minutt då Årdal fulgte opp førre helgs siger med tre nye poeng borte mot Skarbøvik.

Ifølgje trenar Ivan Øy var det ein relativt sjansefattig kamp, der Årdal hadde god kontroll på kampen og sat med det vesle overtaket på sjansestatistikken. Det var nok til at gutane i raudt kan reisa smilande heim med tre poeng i lomma.

– Det er heilt topp. Me får utlaup for det me veit me kan. Dei fire-fem siste kampane har me sett stigning det me har gjort, me får til det me har snakka om og prøver på. Og det er dei tinga me må ta med oss, seier Øy.

Gjer ting sikkert

Etter ein treig start på sesongen, der det byrja å sjå veldig stygt ut, er Årdal no i siget og har gått frå tre til ni poeng på to veker. 

– Me har snakka mykje om å gjera ting ein er sikker på. Det er den store forskjellen. Me gjer ting sikkert og med kvalitet, med god kommunikasjon og lite rom mellom lagdelane. Fleire har no skjønt at det er slik me må opptre, seier trenaren.

Ein ting er tre poeng. Ein annan ting som sannsynlegvis er minst like gledeleg er at dei ikkje har sluppe inn mål på to kampar. Laurdag hadde dei god kontroll på Skarbøvik, medan både Terje Kvam Øvstetun og Marcin Brzycky hadde gode sjansar til å komma åleine med keeper.

Nye skadar

Eit lite skot for baugen var det at både Øvstetun og Christian Stedje måtte forlata bana med skade i 1. omgang. 

– Me var det farlegaste laget. Dei skapar eit trykk, men me står godt imot. Dette var ein kanoninnsats av gutane. Det er hovudårsaka til at me tar tre poeng. 

Etter at Årdal gjekk opp i leiinga handla alt om å halde tett bakover, og det klarte dei altså i dag også, men det vart dramatikk denne gongen òg.

Brzycky mistar neste kamp

Dei som hugsar godt, vil kanskje hugsa Adnan Chafouh Idrissi, som scora mot Årdal i haustsesongen og feira målet med å visa fingeren til dei rundt seg. I dag kom same spelar i fokus igjen.

Artikkelen held fram under biletet.

VISTE FINGEREN: Adnan Chafouh Idrissi feira med å vise fingeren til dei rundt seg då han scora mot Årdal i haust. Arkiv
VISTE FINGEREN: Adnan Chafouh Idrissi feira med å vise fingeren til dei rundt seg då han scora mot Årdal i haust. Arkiv

– Han var veldig hissig på våre spelarar, og så kom han opp ein situasjon med Marcin, der spissen deira tek ballen i henda og langar ut mot Marcin. Om han treff eller ikkje, er uinteressant. Når ein gjer slikt, burde ein få raudt kort. I staden fekk begge to gult kort, og det betyr at Marcin må stå over neste kamp, medan han som burde fått det klaraste raude kortet får spela neste kamp, seier ein irritert Øy.

Episoden skjedde på overtid av kampen, men også tidlegare var Idrissi involvert i situasjonar som skapte grunn til frustrasjon og irritasjon. 

– Hadde mine spelarar gjort noko sånt, ville eg sagt at eg hadde hatt eit problem, legg Øy til.

Til toppen