JUBEL: Han kom ikkje på scoringslista denne gongen, men Preben Strypet og Årdal har fått nok å juble for i starten av haustsesongen.
JUBEL: Han kom ikkje på scoringslista denne gongen, men Preben Strypet og Årdal har fått nok å juble for i starten av haustsesongen.

Årdal med nytt målshow mot Kongsvinger 2

Årdal har byrja haustsesongen på best tenkjeleg vis. Denne gongen var det Kongsvinger 2 som fekk unngjelde. 

Kongsvinger 2 - Årdal FK: 1-3

Kongsvinger 2 vart kontra i senk på eige gress. Allereie etter den første omgangen var kampen i realiteten avgjort. 

– Me møter eit ungt og godt lag som er flinke til å spele ball. Me er tolmodige og ventar på overgangar og brot, og det greier me å utnytta veldig godt, seier trenar Ivan Øy.

Kontra motstandaren i senk

Ørjan Skilbrei starta ballet då han var sist på eit frispark etter sju minutt. Dei to neste måla kom etter kontringar: først dobla Terje Kvam Øvstetun leiinga, medan Ole Gunnar Kjødnes sette det tredje like før pause.

Etter den brutale oppvisinga i første, sende trenar Øy laget ut att frå garderoben med instruksjonar om å følgje same taktikk.

– Me let dei få ha ein god del av ballen og hadde såpass store sjansar at me burde ha auka leiinga monaleg. Men så får dei ei redusering og blod på tann. Dei siste tjue minutta så køyrer dei kampen, men me greier å ri av stormen og kontrollerer greitt inn, seier Øy. 

– Blir ein tøff haust

Trenaren meiner det framleis er rom for forbetringar, sjølv om laget har starta hausten med å bøtte inn mål.

– Det står i stil med kor mykje me produserer av sjansar. Sjølv om me scorar mykje, så slit me framleis med å bli effektive nok, seier Øy.

Likevel er han einig i at starten på hausten lovar godt. Rett nok har laga over dei på tabellen spelt ein kamp mindre, men etter to strake sigrar er Årdal berre er fire poeng bak den viktige femteplassen.

Det gjer at Årdal etter ein skuffande vår likevel har fått ferten av spel i 3. divisjon òg til neste år.

– Viss me held fram å vinna kampar, så kan me melde oss på i toppkampen. Men eg har framleis vårsesongen friskt i minne enno, så det blir ein tøff haust, seier Øy.

Til toppen