LEANPRISEN: Årdal Metallverk er blant tre finalistar som kan vinna Leanprisen, fortel Odd Stein Natvik og Anders Jarstadmarken. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal Metallverk nominert til utviklingspris

Årdal Metallverk er ein av tre finalistar som kan vinna Leanprisen. 

Årdal: Det er Lean Forum Norge som deler ut denne prisen. Dette er eit ope forum for å fremja verdiskaping gjennom innovasjon og verksemdutvikling.

Årdal Metallverk deltek med såkalla Aluminium Metal Business System, forkorta AMBS. Dette systemet har dei jobba med i mange år og handlar kort fortalt om å skapa stabilitet i produksjonen og kontinuerleg betring.

– Dei fire-fem første åra etter oppstarten i 2008 hadde me svært gode resultat, og etter kvart kom det ei utfordring med å halde takten oppe, så då måtte me tenkja nytt, fortel Anders Jarstadmarken og samanliknar det heile med å plukke epler frå eit tre.

ERFARING: Sommaren 2013 kom Egil Fredriksen inn som fabrikksjef og bidrog med sine erfaringar med AMBS.
ERFARING: Sommaren 2013 kom Egil Fredriksen inn som fabrikksjef og bidrog med sine erfaringar med AMBS.

Gjorde grep i 2013

Dei lågthengande epla er enkle å få tak fordi ein kan stå på bakken å plukka dei. Det er når ein må opp i høgda utfordringane kjem og ting blir meir krevjande.

Les også: Omleggingar på Hydro sikra at tala gjekk i pluss

– Det som skjedde med oss i 2013 var at det heile byrja å flata ut, og det var vanskeleg å få ta i betringar. Faren då er at eit fell tilbake til det gamle. Den sommaren kom Egil Fredriksen (fabrikksjef ved Årdal Metallverk journ.anm.), og han har jobba med dette i mange år og vore på ein del fabrikkar i inn- og utland, fortel Jarstadmarken vidare og legg vekt på det gode arbeidet som var lagt ned før han kom.

– Då staka me ut kursen vidare. Me måtte få ein ny giv i betringsarbeidet og skapa ein betringsfilosofi, der me plukka ut nokre fokusområde. Det som har skjedd no, er at betringane har byrja å koma.

Synlege betringar

Bak AMBS ligg nokre prinsipp. Ved å ha ein klar strategi, forankring i leiing og i linja, kompetansebygging, overordna mål, for å nemna noko, klarte verket å halde desse betringane gåande. Og betringane er synlege.

– Tryggleik er ein ting me er blitt gode på. Me har auka elektrolysevolum utan dei store modifikasjonane ute i anlegg, men ved å jobba med prosessane og få ned variasjonane. Me har stabilisert oss og fått flyt i prosessane. Det har ført til at me truleg produserer meir enn budsjett i år, seier Jarstadmarken.

Les også: Hydro vil oppretthalde norske verk

Også i støyperiet ser ein resultat av dette målretta arbeidet. Eit anna døme er på saga, der ein har fått ned stopptida per veke. 

Artikkelen held fram under biletet.

GODE TAL: AMBS har bidrege til synlege betringar i produksjonen til Årdal Metallverk, som ser ut til å setje produksjonsrekord for 2015.
GODE TAL: AMBS har bidrege til synlege betringar i produksjonen til Årdal Metallverk, som ser ut til å setje produksjonsrekord for 2015.

Positivt for Årdal

Alt dette er utelukkande positivt for Årdal Metallverks del, meiner Odd Steinar Natvik.

– Dette er måten me kan vera med på å påverka og syna oss fram. Når ein er på det nivået som me er, er det viktig når ein skal konkurrera om framtidige investeringar, seier han. 

Les også: Produksjonsrekord av aluminium på Hydro

– Dette er eigentleg ei utruleg god påskjønning for eit målretta arbeid i Årdal og viser at det blir lagt merke til. Det er ei viktig anerkjenning av heile organiasjonen her. 

Kven konkurrentane til prisen er, veit ein ikkje enno sidan dette blir offentleggjort måndag. Dei to seier ein plass blant dei tre beste er godt i seg sjølv, så gjenstår det å sjå om Årdal Metallverk gjer det best av alle. Prisen skal delast ut på den årlege konferansen som finn stad 10. og 11. november på Fornebu. 

Til toppen