TURN MED GODT HUMØR: F.v, Agnar Kvam, Norvald Osland, Bjørg Storseth (instruktør) og Anny Tungen. Dei er fire av i alt 37 mosjonistar i Årdal som nyttar to av kveldane i veka på å trimma med Årdal mosjonsskule. Medan Bjørg Storseth har vore med i 21 år, har dei andre på biletet vore med i 26 og 27 år i mosjonsskulen. (Foto:  Snorre Sandemose)
IMG_9400 (Foto:  Snorre Sandemose)
IMG_9443 (Foto:  Snorre Sandemose)
IMG_9471 (Foto:  Snorre Sandemose)
IMG_9394 (Foto:  Snorre Sandemose)

Årdal mosjonsskule treng fleire mannlege deltakarar

Mosjonsskulen kan syna til eit imponerande oppmøte i over eit kvart hundreår. Men leiaren etterlyser fleire mannlege deltakarar. 

Årdal: Årdal mosjonsskule kan syna til ein imponerande statistikk. Han syner at ni personar har vore med i 25 år eller meir, 19 har vore med i over 20 år, 41 har vore med i over 10 år og 74 har vore med i minst 5 år.

KJEKT PÅ TRIM: Leiaren i mosjonsskulen, Agnar Kvam (nummer to frå høgre) er ein av dei som hyggjer seg med denne trimmen, og meiner særleg fleire menn burde sjå sitt snitt til å verta med.  Foto:  Snorre Sandemose

– Det at so mange tek del over tid, meiner me betyr at trimmarane har fått eit tilbod som passar dei, seier Agnar Kvam, leiaren i mosjonsskule. 

Årdal mosjonsskule er inne i sitt 27. år sidan oppstarten i 1991, og det er den einaste mosjonsskulen i Sogn og Fjordane som held stand. 

Men det er ein ting ved den elles imponerande statistikken, som Kvam er misnøgd med. 

– Det er på same vis i år som før, at det framleis er ei veldig stor skeivfordeling mellom damer og herrar. Av 37 mosjonistar, er det berre fire herrar. Dette bør rettast på, og me håpar fleire karar i bygda tek utfordringa, seier Kvam. 

INN I SITT 27. ÅR: Dei aller fleste i Årdal mosjonsskule møtte opp denne januarkvelden då Porten.no kom på på besøk, ikledde laget sine jubileumstrøyer (frå 2016) for høvet. Som me ser, er det plass til fleire menn i denne gjengen her. Trenarane Janne Haglund (t.v) og Bjørg Størseth er fremst. Dei har begge trena mosjonslaget i 21 år.  Bilde:  Snorre Sandemose

Den som vert med i mosjonsskulen kjem til duk og dekka bord

Ikkje berre held mosjonistane seg i god form, dei er sosiale òg, og skipar til forskjellige tilstellingar. Før jul kosa dei seg med god mat og drikke på Samhold, og «praten gjekk og humøret var på topp», fortel Kvam. 

– Når du har vore der oppe på tjukkasen og fått jobba med rørsla er det genialt å gå rett ned her og jobba med balansen, seier Bjørg Størseth, ein av dei to trenarane som leiar treningsopplegget til Årdal mosjonsskule. 

NØYE PLANLAGT: Bjørg Storseth, i sentrum av biletet framom scena, er ein av dei to trenarane. Ho fortel at dei har tenkt nøye gjennom kva for øvingar som skal fylgja etter ein annan.   Bilde: Snorre Sandemose

Årdal mosjonsskule øver kvar måndag og onsdag kveld i gymnastikksalen på Farnes skule.

Før seansen i gymnastikksalen tek til, har dei ei 25 minutts oppvarming utandørs, der dei går i raskt tempo, nærast som kappgang å rekna. 

Takka vera dei to instruktørane Jane Haglund og Bjørg Størseth, vekslar dei mellom vanlege gymnastikkøvingar og sirkeltrening frå øving til øving. 

– Det ligg ein plan i måten me har lagt opp sirkeltreninga på. Til dømes at me øver armstyrke i ribbeveggen, og so går rett opp i tjukkasen for å trena beinmusklane, seier Størseth. 

HAR VORE MED I 25 ÅR ELLER MEIR I MOSJONSSKULEN: Magnar Fredheim, Agnar Kvam, Svein Fretland, Anny Tungen, Norvald Osland, Margrete Kauppi, Oddrun Fredheim og Astrid Kvam er åtte av dei ni medlemene som kan skilta med meir enn 25 års fartstid i laget.  Bilde: Snorre Sandemose

Turgeneral Svein Fretland fører statistikk

Mosjonsskulen kan leggja fram ein imponerande statistikk. Statistikken vert ført av Svein Fretland, turgeneralen. Ikkje berre er han ein ivrig turgåar og stiryddar. Statistikken til Årdal mosjonsskule syner at han sjølv ved inngangen av 2018 faktisk hadde gått på mosjonsskulen flest gonger av alle, 1094. Hakk i hæl fylgjer Anny Tungen og Astrid Kvam, som begge kan skilta med meir enn tusen mosjonsøvingar sidan oppstarten. 

FØRER STATISTIKK: Svein Fretland (t.v) held ein imponerande detaljert statistikk over kor flinke aller er til å møta opp.  Foto:  Snorre Sandemose

Kvar einaste kveld fører instruktørane inn kven som møter opp, og so legg Fretland det inn i databasen sin i Excel.

Han har ei fullstendig liste i databasen sin over eksakt kor mange øvingar kvar einskilde deltakar har vore med på, kvart einaste år.

Samla sett, so hadde medlemene i Årdal mosjonslag ved inngangen til 2018 stått for 23 923 mosjonsøkter. 

Han kan gå inn på kva for ei økt det skulle vera, frå 1991 og fram til i dag, og sjå kven som var med den aktuelle kvelden. 

 SMART ORDNA: Trenarane har heilt medvite ordna opplegget slik at ein skal gå rett til balanseøving.  Foto: Snorre Sandemose
Til toppen