MØTER STRYN: Johnny Aspeseter Hagen og Årdal møter Stryn i 2. kvalifiseringsrunde i NM. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MØTER STRYN: Johnny Aspeseter Hagen og Årdal møter Stryn i 2. kvalifiseringsrunde i NM. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal møter Stryn i NM

Årdal tek imot Stryn i 2. kvalifiseringsrunde i NM.

Torsdag blei kampoppsettet for 2. kvalifiseringsrunde i NM klart. Der skal Årdal møta avdelingskollega Stryn på heimebane.

Årdal tok seg vidare frå 1. kvalikrunde etter sigeren mot Nordhordland søndag. Dei heilraude låg under 0-2 til pause i den kampen, men etter ein sterk 2. omgang slo dei tilbake, snudde kampen og vann 3-2.

Den 2. kvalifiseringsrunden er den siste av kvalikkampane som skal spelast før 1. runde set i gong. Det er ikkje sett ein dato for når oppgjeret skal spelast, men samtlege kampar skal vera ferdigspelte innan 8. april.

– Me har som mål å nå 1. runde, det legg me ikkje skjul på. NM er alltid spesielt. Men no er det 2. kvalifiseringsrunde først, og så kan me snakka om det, sa Årdal-trenar, Ivan Øy, til Porten.no etter kampen mot Nordhordland. 

Stryn kom på ein 2. plass i avdelinga til Årdal i fjor. Då dei gjesta Jotun stadion sist, reiste dei heim med tre poeng og 2-0-siger i lomma. Då laga møttest i haust, endte det 0-0.

Til toppen