VERT LAGT NED: Som ein konsekvens av at UDI legg ned 700 mottaksplassar i region vest, vil asylmottaket i Årdal forsvinna. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
VERT LAGT NED: Som ein konsekvens av at UDI legg ned 700 mottaksplassar i region vest, vil asylmottaket i Årdal forsvinna. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 

Årdal mottakssenter vert lagt ned​

UDI legg ned 700 asylmottaksplassar i region Vest. 

Årdal: 123 av desse mottaksplassane er i Årdal. Det betyr at Årdal mottakssenter, som er drifta av Hero, vert lagt ned og sju tilsette mistar arbeidsplassen sin. Det stadfestar Hero på sine nettsider

Dette vart mottakssenteret og kommunen varsla om måndag. Totalt skal UDI ta ned 3800 plassar over heile landet. Det kunne UDI fortelje allereie måndag. I region vest er det mottaka i Sandnes, Sola og Radøy som vert lagt ned i tillegg til Årdal.

– Årsaka er færre asylantar og ankomstar. Den andre årsaka er at norske kommunar har vore utruleg flinke til å busetja dei som har fått vedtak, seier regiondirektør Stig Arne Thune til Porten.no. 

På mottaket i Årdal er alle dei tilsette informert. Tysdag skal det vere bebuarrådsmøte. Der vil bebuarane få beskjeden. 

– Der skulle me planleggja korleis me skal få betre drift på cafeen vår mellom anna, men no kjem møtet til å dreia seg om heilt andre ting, seier mottaksleiar Anne Margrethe Hatlelid til Porten.no. Ho skildrar det heile som trist.

– Det er mange berørte, tilsette på mottaket, utleigarar og tilsette i kommunen, held ho fram og legg til at dei vil gjera sitt beste for å hjelpe bebuarane best mogleg i månadane som kjem. 

Omsyn til barn og sjuke

Dei 700 plassane som no forsvinn kjem i tillegg til dei 1176 som var lagt ned i slutten av august i vest. I Årdal vil siste asylant forlate kommunen rundt årsskiftet. Det er normalt at driftsoperatørane har ei oppseiingstid på tre eller fire månader, i dette tilfellet tre.

– Stort sett går det veldig fint med alle, men me har nokre utfordringar. Det er at ungar må skifte skule og at me har nokre asylantar med spesielle helseplager som gjer at dei må vera i nærleiken av sjukehus med oppfølgjing, forklarar Thune.

– Når det gjeld barn og barnefamiliar, prøver me å gjera det slik at dei får ein fin overgang frå noverande skule til ny skule. Dette er driftsoperatørane flinke til. Dei er tett på brukaren og hjelper til. 

Reduserte i sommar

Årdal mottakssenter vart etablert i 2013, først med 150 mottaksplassar. Talet på plassar vart tidlegare i år utvida til 210 før det i sommar vart redusert til 123. Kontoret er lokalisert på Årdalstangen, medan dei rundt 30 bueiningane er spreidd rundt om i kommunen.

Allereie før sommaren varsla UDI om at det ville bli aktuelt å leggja ned mange asylmottak denne hausten dersom talet på asylsøkjarar fortsette å halda seg på eit lågt nivå. UDI avlyste den gongen ein del planlagte nyetableringar og har i sommar avvikla 660 tilleggs- og opsjonsplassar ved eksisterande mottak i region vest.

Det var årsaka til at det aldri blei noko av mottaket som var planlagt på Borgund i Lærdal mellom anna. 

Til toppen