Det var oppstartsmøte for prosjektet i etterkant av kurset Klimatilpassing mellom fjord og fjell på Skei 14. mars. Prosjektet søkjer å utvikle nye og betre metodar for samhandling mellom regionalt og lokalt nivå i klimaarbeidet.
Utfordrande
Kommunar opplever ofte ein stor avstand mellom forventningar til klimainnsats og kapasitet til å følgje opp desse forventningane.
– Dette kan vere utfordrande for både små og store kommunar. Klimautfordringane og klimatilpassing er store tema, og vi må hjelpe kvarandre for å klare å nå klimamåla og -forpliktingane som ligg i Paris-avtalen, seier klimakoordinator Ida-Beate Mølmesdal i fylkeskommunen i ei pressemelding.
Kommunane som er med i prosjektet er Eid, Årdal, Gloppen, Stryn, Førde, Jølster, Naustdal, Gaular og Flora. Målet er å utvikle nye måtar for regionale styresmakter å støtte opp om klimaarbeidet i kommunane på. Eit anna mål er å utvikle ei forståing av kva som er skiljet mellom dagens klimapolitikk og klimaomstilling, og kva som må gjerast for å nå klimamåla.
Klima i lokalt planarbeid
Oppstartsmøtet med deltakarkommunane markerte starten på den delen av forskingsprosjektet som skal sjå nærare på lokale prosessar og lokalt planarbeid. I første omgang skal kommunane samarbeide med Vestlandsforsking og klimakoordinatoren i fylkeskommunen om å gjennomføre ei lokal sårbarheitsanalyse for kommunen.
Alle kommunane i Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS) er med i prosjektet.
– SiS har vedteke å utarbeide ein felles plan for klimaomstilling for Sunnfjord. Då er det naturleg at vi også deltek samla i prosjektet Samhandling for grønt skifte. Gjennom prosjektet vil vi kunne få betre oversikt og utgangspunkt når vi set i gang tiltak i den nye kommunen, seier Olve Grotle, ordførar i Førde og leiar i SiS.
Kommunane som deltek i prosjektet, skal kople arbeidet og resultata i forskingsprosjektet opp mot planarbeidet sitt.
Sårbarheitsanalyse på fylkesnivå
Vestlandsforsking jobba i 2016 med ein heilskapleg sårbarheitsanalyse for Sogn og Fjordane. Kommunane i prosjektet har fått presentert rapporten frå dette arbeidet.
Vestlandsforsking har analysert:
- sårbarheit for lokale klimaendringar
- sårbarheit for klimaendringar i andre regionar og land
- sårbarheit for ein meir ambisiøs internasjonal og påfølgjande nasjonal klimapolitikk
Resultata i rapporten vil bli nytta som eit kunnskapsgrunnlag for dei vidare lokale analysane i deltakarkommunane rundt i Sogn og Fjordane.