NY NABODUELL: Fjøra og Årdal møter kvarandre til første kvalifiseringsrunde i NM. Her frå andre kvalikrunde i fjor.
NY NABODUELL: Fjøra og Årdal møter kvarandre til første kvalifiseringsrunde i NM. Her frå andre kvalikrunde i fjor. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Årdal og Fjøra skal møtast til lokaloppgjer i første NM-kvalikrunde

Der kan årdølene få revansje for det sviande cuptapet i fjor.

Sogndal/Årdal: Dei to laga møttest i cupen i fjor òg, men då i 2. kvalifiseringsrunde. Fjøra vann 3-1 på heimebane, så årdølene har litt å revansjera i år.

– Dei visste bra styrke i fjor mot oss, men me håpar at det går vår veg denne gangen. Me får mobilisera såpass at me greier det og får bruka kampen som ei vinkling på oppkøyringa. Spennande blir det, seier trenar Ivan Øy.

I fjor slo Fjøra Skavøypoll 5-0 i første kvalifiseringsrunde, medan Årdal slo Eid 3-1 på Jotun krøllgras. I den første ordinære NM-runden tapte fjørene 1-6 mot storebror Sogndal, det eine var eit kanonskot av Chidi Nwakali, kanskje årets mål på Fosshaugane i 2017.

– Møter eit godt lag

Fjøra rykka i fjor ned frå den nyoppretta regionsligaen til den like nye kretsligaen. Dermed blir det eit gjensyn med årdølene, som det siste året måtte ta til gode med nivået under rivalane frå Sogn.

– Fjøra er eit lag me kjenner godt og me får ein ekstra indikasjon i februar på kva dei står for, seier Øy og siktar til den eine treningskampen dei allereie har avtala å spela.

Trass nedrykket, hadde fjørene ein ein god haustsesong. Difor trur Øy ambisjonen til motstandaren er å rykka rett oppatt i tredjedivisjon.

– Så me møter eit godt lag, konstanterer han.

Kampen blir spelt 18. mars, medan alle dei andre kampane i runden blir spelt 21. mars.

Til toppen