Sogn: Utsegnet er ein reaksjon på omfattande endringar i skattlegginga av vasskraftverk som eit ekspertutval har føreslått. Kraftkommunar som Årdal, Luster, Lærdal, Vik og Høyanger fryktar dei vil mista store inntekter om endringane blir vedtekne.

Årdal og Høyanger fryktar minst 40 millionar i tapte inntekter for kommunen: – Heilt sprøtt
– Det er heilt sprøtt. Eg såg ikkje denne koma i det heile tatt, seier Hilmar Høl (Ap), påtroppande ordførar i Årdal. Også ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap) er sjokkert over forslaget.