VELDIG NØGDE: Leiar for TV-aksjonen i Årdal Marie-Helen Hollevik Brandsdal var svært nøgd med innsatsen til bøsseberarane. Foto: Jonny Asperheim.
VELDIG NØGDE: Leiar for TV-aksjonen i Årdal Marie-Helen Hollevik Brandsdal var svært nøgd med innsatsen til bøsseberarane. Foto: Jonny Asperheim.

Årdal og Lærdal gav over landssnittet i TV-aksjonen

Kirkens Nødhjelp fekk inn rekordmange millionar under årets TV-aksjon. Årdal og Lærdal gav begge over landsgjennomsnittet.

Aldri før har TV-aksjonen samla inn så mykje pengar som i år. Heile 239 millionar kroner har gjevarglade nordmenn gitt til Kirkens Nødhjelp (KN), som skal sikra varig reint vatn til éin million menneske.

– Dette er heilt utruleg! No er eg blank i augo, seier generalsekretær i KN Anne-Marie Helland til NRK.

– Strålande

Dei same orda brukar varaordførar Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap), som leia TV-aksjonen i Årdal. 

– Det gjekk veldig bra. Me er strålande nøgde. Det er så fantastisk med så mange friviljuge som stiller opp og legg ned så godt arbeid. Eg er veldig takksam for det, seier ho til Porten.no. 

Folk sat klare

Det er ikkje rart ho er nøgd. I Årdal samla dei inn i underkant av 178 000 kroner. På Årdalstangen betra dei fjoråret med rundt 10 000 kroner til 72 000, medan øvringane låg stabilt på om lag 100 000 kroner. 

– Det var kjekt å gå. Folk var klare når me kom på døra. Dei hadde sete og venta, så det var veldig bra. 

Over landssnittet

Saman med dei 6000 kronene kulturcafeen samla inn førre helg, gir det eit snitt på 55,95 kroner per innbyggjar. Landssnittet ligg på 46,96 kroner.

I Lærdal følgjer dei nabokommunen hakk i hæl. Dei gav 54,79 kroner per innbyggjar. Det gir henholdsvis ein 15. og 18. plass på dei to kommunane i fylket.

Aller mest gav Aurland med eit snitt på 79,97 kroner per innbyggjar. Det gir ein 39. plass på landsbasis. 

Til toppen