KAN FÅ SMELL: Om den nye distriktsindeksen blir som i utkastet, risikerer desse to ordførarane å få mindre å rutta med. Frå venstre: Ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal og Jan Geir Solheim i Lærdal.
KAN FÅ SMELL: Om den nye distriktsindeksen blir som i utkastet, risikerer desse to ordførarane å få mindre å rutta med. Frå venstre: Ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal og Jan Geir Solheim i Lærdal.

Årdal og Lærdal kan bli taparane i ny distriktsindeks: – Blir berre verre og verre

Dei to kommunane risikerer å mista mellom 0,6 og 2,8 millionar i året. Det fell ikkje i god jord hos ordførarane.

Årdal/Lærdal: Kommunaldepartementet har laga eit utkast til ein ny distriktsindeks, ein indeks som ligg til grunn for fleire viktige støtteordningar for mindre kommunar. Målet er at den nye indeksen skal vera på plass vinteren 2018.

I utkastet ligg Lærdal og Årdal an til å bli taparane i Sogn (sjå tabell nedst i saka)

– Dette er berre nok eit eksempel på sentaliserande tendensar i samfunnet. Eg liker det ikkje, fordi distriktsindeksen skal vera ei hjelp til kommunar med distriktsutfordringar. Me er inne i det siste året med omstilling, då er det pussig at me skal få enno mindre verkemiddel, seier Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal.

Slik verkar indeksen

Indeksen blir brukt som eit verktøy ved fordeling av ulike distriktstilskot og ordningar. 

Kommunar frå 0 til 100 poeng alt etter kor sentrale dei er. Kommunar med store distriktsutfordringar får låg skår, medan kommunar med få distriktsutfordringar får høg skår. Små plassar med lang avstand til næraste folketette område, kjem dårlegast ut.

Distriktsindeksen har vore i stor grad uendra sidan 2002, og departementet har vurdert at den treng ei overhaling. Ifølgje departementet kan ikkje verdiane i den gamle og den nye indeksen samanliknast direkte med kvarandre. Likevel har KS laga ein oversikt som viser kva endringane vil bety i praksis for kvar kommune, dersom inntektssystemet ikkje blir endra. 

Ifølgje tabellen vil Årdal tapa 2,8 millionar og Lærdal 0,6 millionar i året, dersom det endelege vedtaket blir som utkastet.

– Blir berre og verre

Ordføraren i Lærdal er oppgitt dersom det viser seg å stemma.

– Det føyer seg inn i rekka over ting som gjer det verre for kommunar med utfordringar. Dette er eit verktøy for å auke tilflytting og skapa arbeidsplassar. Får me mindre pengar, blir det mindre moglegheiter for oss til å lukkast med det, seier Solheim.

Han seier Senterpartiet er på saka, og at det mellom anna vil bli tema på ordførarsamling i Oslo neste måndag.

Kommunane hadde frist til å uttala seg i februar.

Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) i Årdal seier dei ikkje har handsama nokon uttale politisk. Difor veit han ikkje korleis endringa vil slå ut. Han forventar meir vil bli klart når kommuneproposisjonen kjem i mai. Men dersom utrekningane til KS slår til, er det dårleg nytt for Årdal.

– Det blir verre og verre. Den sittande regjeringa tek vekk mykje av inntektene til kommunane i distrikta, og det er varsla at det kjem meir. Det blir tøffare og tøffare å sy saman budsjett. Så får tida visa kva som kjem ut av dette, seier Lægreid.

Kommune Dagens distriktsindeks Ny distriktsindeks Endring i tilskot

Sogndal

63

61,8

0

Leikanger

55,5

53,9

0

Luster

41,6

42,1

0

Aurland

37,8

38,9

0

Årdal

25,7

38,6

- 2,8 millionar

Lærdal

32,6

36,4

- 0,6 millionar

Vik

24,3

31,8

0

Balestrand

23,9

28,1

0

Kjelde: KS.no

Til toppen