1.PLASS: Ordførar Arild Ingar Lægreid (t.h.) og rådmann Olve Fossedal i Årdal er svært nøgde med å vera den mest effektive kommunen i Sogn og Fjordane. Arkivfoto
1.PLASS: Ordførar Arild Ingar Lægreid (t.h.) og rådmann Olve Fossedal i Årdal er svært nøgde med å vera den mest effektive kommunen i Sogn og Fjordane. Arkivfoto (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Årdal og Sogndal dei mest effektive kommunane i fylket

Dei to største kommunane i Sogn kjem best ut i kommunal- og moderniseringsdepartementet sin nye effektivitetsanalyse.

Årdal/Sogndal: – Eg er veldig godt nøgd med resultatet, spesielt når du no seier Årdal er best i heile fylket. Sjølv har eg sett på gruppa me er samanlikna med, og der er me nummer fire. Dette viser også at jobben me har gjort dei siste åra har gitt resultat, seier rådmann i Årdal, Olve Fossedal.

«Senter for økonomisk forskning (SØF) har utarbeidd berekningar for effektiviteten i dei kommunale tenestene. Metoden seier noko om den enkelte kommune sin effektivitet i høve beste etablerte praksis.»

Slik skildrar Kommunal- og moderniseringsdepartementet den nye effektivitetsanalysen. Den beste etablerte praksisen er slik kommunar med toppscore  innanfor eit tenesteområde driv - til dømes innan barnehage eller pleie og omsorg - og desse får ein verdi på 100. Di lågare tal ein kommune har, di mindre effektivt driv den.

Nøgd sogndalsordførar

Kommunane er også delte inn i grupper etter ulike føresetnader - Årdal er til dømes i gruppa «Mellomstore kommunar med middels bunde kostnadar per innbyggjar, høge disponible frie inntekter»

Årdal kjem best ut i fylket med ein samla score på 85 for 2015 og 87 for 2014. Sogndal hadde 80 i 2015 og 86 i 2014 - dei kjem dermed på ein andreplass. 

– Denne typen undersøkingar må ein ta med visse atterhald, uavhengig av kvar på skalaen ein ligg. Men eg ser på det som ei stadfesting på ein kostnadseffektiv og godt driven kommune, seier ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll.

Skryt av dei tilsette

Rådmann Fossedal meiner grunnen til dei gode resultata for Årdal er stort fokus dei seinare åra på nettopp å driva kostnadseffektivt

– Innan omsorgssektoren, undervising og også barnehage har me god personaldekning og høg dekningsgrad. Tidlegare låg me høgt på kostnadsnivået i følgje KOSTRA-tala, og har halde eit sterkt politisk fokus på å driva meir effektivt utan å ta ned kvaliteten på tenestene. Den korte setninga er vel at det ein fokuserer på får ein til.

Fossedal vil også skryta av dei tilsette og tillitsvalde for jobben som er gjort 

Artikkelen held fram under biletet

2.PLASS: Ordførar Jarle Aarvoll (t.v.) og rådmann Jostein Aanestad i Sogndal seier seg nøgde med resultatet i den nye effektivitetsanalysen. Arkivfoto
2.PLASS: Ordførar Jarle Aarvoll (t.v.) og rådmann Jostein Aanestad i Sogndal seier seg nøgde med resultatet i den nye effektivitetsanalysen. Arkivfoto

Lærdal og Aurland lenger ned på lista

– Me har dei ressursane me rår over og prøver å bruka dei på ein mest mogleg effektiv måte. Ofte vel ein å putta på nye ressursar når ein får nye utfordringar - så må ein prøva å å sjå om ein klarar å løysa dette innanfor dei ressursane ein har. Så vil eg gratulera nabokummunen Årdal med eit flott resultat her, seier Aarvoll.

Lærdal og Aurland kjem lenger ned på lista - Lærdal fekk ein verdi på 70 i 2014 og 72 i 2015. Aurland var heilt nede på 55 i 2014, men kom seg opp på 67 i 2015.

– Kva trur du er grunnen til at Årdal ligg såpass mykje høgare enn Aurland og Lærdal, Fossedal?

– Eg kan ikkje uttala meg om korleis dei gjer det i andre kommunar - men igjen; me hadde eit høgt kostnadsnivå i Årdal og har gjort mykje for å få det ned. Det er dette som slår ut no.

Aarvoll i Sogndal er oppteken av å ikkje seinka skuldrene sjølv om han har fått gode tilbakemeldingar.

– Ein må strekkja seg vidare. Ein søkjer alltid å bruka ressursane på ein mest mogleg effektiv måte. Igjen - eg gratulerer Årdal med eit flott resultat og tykkjer det er flott at me også ligg såpass høgt - men det meiner eg me også skal.

Til toppen