OPNAR PÅ BORTEBANE: Årdal får ein av sesongens lengste borteturar allereie i første serierunde når dei må heile vegen til Kristiansund. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
OPNAR PÅ BORTEBANE: Årdal får ein av sesongens lengste borteturar allereie i første serierunde når dei må heile vegen til Kristiansund. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdal opnar på bortebane

Sjekk kven Årdal skal møta i første serierunde neste sesong her.

Tysdag blei oppsettet for neste års 3. divisjon presentert av Noregs fotballforbund.

Og det blir ein lang tur for Årdal Fotballklubb allereie i første serierunde når dei må heilt til Kristiansund for å møta Kristiansund Fotballklubb.

Kampen er sett opp laurdag 11. april 16.00. Helga etter til same tid tek laget frå industribygda imot Stryn.

Årdal-trenar Ivan Øy har uttrykt sterk misnøye med at Årdal er plassert i Møre og Romsdals-avdelinga. Det betyr mange fleire lange turar.

​– Det blir overnattingsturar, fortalte han til Porten.no for ei stund tilbake. 

Heile oppsettet finn du på HER

Til toppen